søndag 12. oktober 2014

Sekstimarsdagen – verd å slåst for?

Dette er en innledning Magnhild Folkvord holdt på en lokallagskonferanse i Rødt 3.–5. oktober 2014. Deltakerne kom fra hele landet. Magnhild Folkvord har skrevet boka «Sekstimarsdagen – den neste store velferdsreforma?» sammen med Ebba Wergeland. Der kan du finner erfaringer fra forsøk med sekstimersdagen i Norge. Den permanente ordninga med sekstimerdag på Tine Heimdal finner du også beskrevet der.

Eg har lyst til å starta med å skru tida tilbake. La oss forestilla oss at vi er i 1930, i Battle Creek i staten Michigan i USA. Dei som har lese om sekstimarsdagen på Kelloggsfabrikken, veit kva eg snakkar om, men sikkert ikkje alle har lese den. Ein fabrikk som produserte frukostblanding døgnet rundt. Det var vanskelege tider, mange gjekk arbeidslause. Kelloggsfabrikken hadde ein eigar av det humane slaget, som i tillegg til eiga forteneste også hadde råd til å tenkja på – iallfall til eit visst punkt – kva som var bra for arbeidarane. Det gjorde at frå 1. desember 1930 vart skiftordninga med tre gonger åtte timar i døgnet bytta ut med fire gonger seks timar. Det gav jobb til fleire, og i lys av ein frigjeringskapitalisme som prega ein del kapitalistar og bedriftseigarar i denne tida skulle arbeidarane frigjerast gjennom aukande lønningar og kortare arbeidsdagar – fram mot den endelege fridommen som låg i uavhengigheitserklæringa: fridommen til å søkja lykka. Eg går ikkje nærare inn på den ideologien her og no, men skal komma tilbake til spørsmålet om sekstimarsdagen kan gi oss ein forsmak på eit anna samfunn, og kva for erfaringar som vart gjort med endringar i lokalsamfunnet i Battle Creek.

Sekstimarsdagen i Noreg

Men først vil eg minna om at ideen om sekstimarsdagen ikkje vart oppfunnen i Battle Creek. Tanken var også kjend i Noreg, til dømes blant gruvearbeidarane i Sulitjelma. Så snart 8-timarsdagen var på plass, måla dei over 8-talet på fana si, og skreiv 6 i staden. Det er snart hundre år sia.

På 1930-talet diskuterte bygningsarbeidarane i Oslo om dei skulle krevja 6 timarsdag. Da var målet å dela på arbeid, slik det også var på Kelloggs.  I nyare tid har Toyotaverkstaden i Göteborg, der dei starta med sekstimarsdag i 2002 inspirert til forsøk som har vore gjort i Noreg, og til at LO med Gerd-Liv Valla i spissen gjorde sitt mest offentsive 6-timarsdagsvedtak på kongressen i 2005.

Da 6-timarsdagen starta som eit forsøk på Tine sitt ostelager på Heimdal i 2007 og vart ei fast ordning to år seinare, var det etter initiativ frå arbeidarane, og gjennomføringa vart gjort i eit grundig samarbeid mellom arbeidarar og arbeidsgivar. Dei som såg Brennpunkt-programmet om sekstimarsdagen (gjekk på NRK1 1. april 2014, framleis mogeleg å sjå det på nettet), har sikkert fått med seg Tine-arbeidaren som sa at «sekstimarsdag er genialt».

Statistisk Sentralbyrå har laga solide utgreiingar som viser at med dagens produktivitetsvekst vil det private forbruket vera tredobla i 2060 jamført med i dag, om det ikkje blir gjort endringar i arbeidstida. Med sekstimarsdag blir veksten i det private forbruket litt mindre.

Klima og miljø

Eit nytt moment som har fått meir plass dei siste åra, er omsynet til klima og miljø. Når SSB  legg fram prognosar som seier at det private forbruket vil tredoblast, skulle ein venta at alarmklokkene ringde ikkje berre hos miljørørsla, men hos alle som har eit minimum av sunn fornuft. Tredobling av det private forbruket – som eit gjennomsnitt – høyrest for meg som ein skrekkvisjon. Sjølvsagt er det folk som har for lite i dag, og burde hatt rom for eit større forbruk. Men ein svært stor del av oss har meir enn nok.

Kor mange bilar og flatskjermar ser ein for seg at kvart menneske kan bruka på vettugt vis? Vi kan ikkje eta oss meir enn mette, det er grenser for kor kva vi kan og bør forbruka av klede og innbu og kor mange hytter og hus vi kan gjera oss nytte av. Og i eit større perspektiv: kor stor del av folk på jorda kan tillata seg ei tredobling av det forbruksnivået vi har før det blir eit totalt miljømessig samanbrott? Tar vi ut litt av veksten i tid istadenfor i pengar, gjer vi ingen revolusjon, men vi kan bremsa litt på auken i det materielle forbruket.

Betre kvardag

Kvifor har det ikkje blitt eit folkekrav at vi alle skal kunna ha sekstimarsdag, slik som arbeidarane på Tine? Vi veit at kvar ein av oss er meir produktiv i dag en for 30 år sia, ulike former for teknologi har tatt over mykje av det manuelle arbeidet, og der den menneskelege arbeidskrafta ikkje kan erstattast av teknologi, er menneska pressa til å springa fortare og gjera meir på kortare tid enn nokon gong før. Åttetimarsdagen vart realitet for ein stor del av arbeidstakarane frå 1919. Nesten 70 år seinare, i 1987, vart den daglege arbeidstida redusert med ein halvtime, og slik har det altså vore i snart tretti år. Dei som reknar nøye, vil minna oss på at vi har fått laurdagsfri og lengre ferie. Det stemmer, men vi har meir å gå på av produktivitetsvekst som vi ikkje har tatt ut, også innafor rammene av det kapitalistiske samfunnet sine spelereglar.

Sekstimarsdagen handlar om den daglege arbeidstida, om korleis kvardagane kan bli annleis, og betre for dei fleste. At ferien har blitt litt lengre, hjelper lite for alle dei som slit med dei daglege puslespela med henting og levering av ungar, jobb og transport til og frå.

Kva vil du gjera med 1 ½ time?

Ei forkorting av normalarbeidsdagen til seks timar er ei endring som ikkje kjem av seg sjølv. Vi kan ikkje basera oss på at dagens arbeidsgivarar skal oppføra seg som Kelloggs-eigaren i 1930.

Ein grunnleggjande føresetnad for å få til ei slik endring, er at nokon som verkeleg vil, går i spissen. Vi må spørja oss sjølve, om vi ønskjer ein kortare arbeidsdag. Ikkje om vi trur det er realistisk, men om dette er noko vi kan sjå for oss som ei positiv endring i våre eigne liv. Dei fleste som har prøvd å springa om kapp med klokka og trikken eller bussen for å nå fram til barnehagen tidsnok til at dei også rekk jobben til rett tid om morgonen, og det same sprintløpet i omvendt rekkjefølgje når arbeidsdagen er slutt, har stort sett lett for å sjå for seg kor mykje enklare det kunne bli om arbeidsdagen var over etter seks timar. Men kva med alle dei som ikkje akkurat no har ansvar for akkurat slike utfordringar i kvardagen?

Eg foreslår at vi legg til side alle motforestillingar av typen «sekstimarsdagen blir vanskeleg akkurat på min jobb». Vi legg også til side inntil vidare alt som trengst av spesielle tilpassingar av skift og turnus.

Kva ville du gjera med ein og ein halv time meir fri tid kvar dag? Ein og ein halv time som du sjølv kunne rå over, utan at nokon sa at no må du trena så og så mykje eller rydda så og så mykje eller bli så og så mykje flinkare til å gjera noko av det du sjeldan får gjort. Men beint fram fri tid.

Korleis ser vi på lønnsarbeidet?

Er ønsket om ein kortare arbeidsdag uttrykk for latskap? Forakt for arbeid? Kanskje treng vi å kjenna litt på korleis vi ser på lønnsarbeidet? Heldigvis er det mange som har jobbar dei trivest med, og der dei også får brukt seg sjølve på vettugt vis. Mange gjer jobbar som er viktige, kanskje livsviktige, for andre, og som i beste meining er meiningsfulle. Andre har jobbar der det kan vera vanskeleg å finna motivasjon i anna enn at ein får utbetalt ei forhåpentlegvis brukbar lønn. Ein del blir gjort av arbeidsmiljøforbetringar som gjer at dei fleste i dag har fysisk betre arbeidsforhold enn dei som gjekk frå jobben for å ta 8-timarsdagen 1. mai 1918, men folk blir slitne også av det arbeidet som ikkje er fysisk tungt.

I vårt samfunn blir du definert ut frå kva jobb du har. Den som ikkje har arbeid, fell utanfor – ikkje berre økonomisk. Eigen identitet er knytt til arbeidet i varierande grad, like mykje til det tunge og slitsame som til det intellektuelt utfordrande. «Kvinnekravet» om sekstimarsdag appellerte ikkje til dei trauste arbeidskarane som eg arbeidde i lag med på 1980-talet. Ein skikkeleg arbeidar skulle stå opp tidleg om morgonen, og det var rimeleg å jobba så hardt og lenge at ein var sliten når arbeidsdagen var slutt. Og da kunne det vera greitt at det var ei der som tok det daglege hovudansvaret for ungane og sørga for at middagen stod klar.  Desse karane visste at dei var lønnsslavar, og var villige til å slåst for høgare lønn. Det var eit dobbelt forhold til arbeidet. Innst inne visste dei nok at dei jobba «seks tim for sjefen og to for sæ sjøl» – i tråd med både  Arbeidslaget hans Konrad Vømmølbakken og Marx sin teori om meirverdien, som eg vil gå ut frå er like gyldig i dag. Men det var også ei stoltheit knytt til det å gjera eit skikkeleg stykke arbeid, særleg om du var fagarbeidar.

I dag så fins ingen husmenn meir
Men arbeidsfolk fins, og dem e enda fleir
Og dem vandre så taus te sitt hovedbølt
Jobbe seks tim for sjefen og to for sæ sjøl
Og kjem heim så trøtt og så svett og så støl.

Eit anna slags samfunn?

Kan vi sjå realiseringa av sektimarsdagen som ein forsmak på eit heilt anna og betre samfunn der vi rår over meir av tida vår sjølve?

Eg vil gå litt tilbake til Kelloggserfaringane. Vi er så heldige at det er gjort eit omfattande arbeid for å samla og analysera desse erfaringane. Sekstimarsdagen ved Kelloggs varte gjennom heile 1930-talet, i krigsåra var det unntakstilstand og 8-timarsskift, og etter krigen gjekk dei tilbake til 6-timarsdag. Men det kom eit aukande press frå arbeidsgivarane om at 8-timarsdag skulle vera det normale. Endringar vart gjort på ulike avdelingar, arbeidarane vart splitta, og i 1985 var det heilt slutt.

Forskaren Benjamin Kline Hunnicutt, som har skrive boka om sektsimarsdagen på Kelloggs, har gjort eit grundig arbeid med både å samla inn data og undersøkja kva arbeidstidsforkortinga gjorde med folks haldning til arbeidet og til fritida.

Arbeidarane ved Kelloggs fekk meir tid til ulike ting utanfor jobben – jakt og fiske, det vart sagt at sekstimarsdagen gjekk hardt utover viltet i området. Somme dyrka ein hageflekk, ein del kvinner sette pris på betre tid til både saum og hermetisering av frukt, somme ville studera, andre brukte meir tid i lag med familien. For ein del vart det tid til ulike slag sport dei ikkje hadde hatt tid til før, anten det var ping pong, rulleskeiser eller andre sportsgreiner. Dei opplevde også at det dei gjorde på fritida sveisa dei meir saman.

Journalistar som skreiv om sekstimarsdagen dei første åra var berre positive:
«Overalt sa journalistene det samme: flere folk hadde arbeid; arbeiderne så ut til å foretrekke å «mer liv» utenom «til sitt eget» og syntes de hadde et bedre familieliv. Det var flere  fellesaktiviteter, finere plener og hager, hjemmene ble pusset opp både innvendig og utvendig, det var fullt av folk i parker og på fritidsanlegg, det ble drevet mer idrett, mer hobbyer, mange leste og studerte. Alle brukte de samme orda når de beskrev arbeiderne: «lykkelige», «helt tent», «begeistret».»  (Hunnicutt side 100)
– Jamfør Tine-arbeidaren i Brennpunkt som med stor entusiasme seier «sekstimarsdagen er genialt!».

Forskaren som har gjort sine undersøkingar lenge etterpå, har også sett på kva som skjedde da arbeidsgivarane sette inn presset for å avvikla sekstimarsdagen, og få folk tilbake til åttetimarsdagen. Da viste det seg at det var kvinnene som var dei sterkaste forsvararane av sekstimarsdagen, og dei heldt fram med å kritisera ideen om at jobben var det mest sentrale i livet.

«Etter at flesteparten av mennene hadde gitt opp, fortsatte  kvinnene arbeiderbevegelsens 150-årige tradisjon, ved å stille spørsmål ved arbeidsdisiplinens rolle i livene sine. De søkte stadig mer mot familien, skolen og samfunnet etter mening og tilfredshet, og fant nye former for makt og status utenfor industrikapitalismen og markedet.» (Hunnicutt side 18)

Altså: dei søkte ikkje einsidig mot familien, men mot  familien, skolen og samfunnet etter mening og tilfredshet.

Hunnicutt peiker på at etterkvart som folk arbeidde mindre, vart jobb og marknad noko mindre viktig. For mange arbeidarar var to timar «ekstratid» nok til å forskyva balansen frå arbeid til fritid. Etterkvart som jobben mista noko av den dominerande stillinga sosialt og kulturelt, vart det smått om senn rokka ved dei tradisjonelle haldningane som var basert på at arbeid var det sentrale. Til dømes stod mannleg dominans trygt i ein jobbfokusert kultur og var mykje meir sårbar utanfor jobben.

Meir fri tid

Det kan vera mykje inspirasjon å henta i erfaringane frå Kellogg's for den som har lyst til å kjempa for ei liknande endring i vårt arbeidsliv.

Skal vi komma nokon veg, må vi finna ut om dette er noko vi vil. Og eg trur det er lurt å starta med seg sjølv. Korleis kan eg og mine næraste ha glede av ein og ein halv time meir fri kvar dag? For somme vil det vera snakk om å få tid til meir av det eine eller det andre, for andre kan det viktigaste vera å gjera omtrent det same som no, berre i eit litt rimelegare tempo – gå roleg istadenfor å springa for å vera sikker på å kunna halda tidsskjemaet. Men i større eller mindre grad vil det gi oss noko meir fri tid

Meir tid til familien? Det er mange familiar som har for lite tid i lag i dag. I den grad eg skal tillata meg å meina noko om kva andre vil bruka den frie tida si til, vil eg åtvara mot å overdriva familieargumentet. For meg er eit betre samfunn ikkje basert på at kjernefamiliane skal bli enda meir kjernefamiliar. Men på same tid må eg seia at eg er veldig spent på kva dagens unge fedrar tenkjer om sekstimarsdagen og farsrolla. Bruken av fedrepermisjonen og retten til å ta ein større del av fødselspermisjonen har gjort at svært mange unge fedrar får høve til å utvikla eit nærare forhold til ungane sine enn deira eigne fedrar hadde. Må ikkje det føra til at dei får lyst til å ha meir tid i lag med ungane også etter at permisjonstida er over? Den som skal følgja opp både organiserte og uorganiserte aktivitetar, treng tid så lenge ungane er ungar, anten ein skal stå for transporten, vera publikum eller fotballtrenar. Eg ser fram til den dagen fedrar for sekstimarsdagen står fram som ei kraft i kampen for sekstimarsdagen.

Tid i lag med ungane treng slett ikkje bety isolasjon i kjernefamilien. Meir tid i lag med folk kan inkludera både familie, venner, naboar, lokalsamfunn. Somme har andre familiemedlemmer som krev tid, og har lyst til å gi meir omsorg enn det ein travel kvardag gir rom for. Slik eg ser det, skal ikkje sekstimarsdagen på nokon måte føra til reduksjon i offentleg eldreomsorg, men det skadar ikkje om dei som faktisk ønskjer meir tid i lag med eldre, evt sjuke familiemedlemmer, får høve til det. Og dessutan er det gjort forsøk som viser at dei som er tilsette i eldreomsorgen trivest betre med sin jobb, og synest dei gjer ein betre jobb når arbeidsdagen er ferdig etter  seks timar.

Den som ønskjer meir politisk aktivitet, burde vera glad for meir fri tid, og så kan ein håpa at fleire får tid og lyst til å delta meir aktivt både i lokalsamfunnet og i den politikken som strekkjer seg lenger.

Ein halv time i tre tariffoppgjer

Kva med forbruket og pengane? Blir det mindre forbruk dersom vi skal ha full lønnskompensasjon? Slik eg ser den faktiske gjennomføringa av arbeidstidsforkortinga for meg, må  fagrørsla ta eit hovudansvar for at det skal skje noko. Ingen skal gå ned i lønn når arbeidstida går ned. Gjennom tariffoppgjera er det mogeleg å velja ein kombinasjon av tid og pengar, og det er mogeleg å krevja mest pengar til dei som har den lågaste lønna. For det store fleirtalet vil det bli litt mindre lønnsauke og meir fritid. Dersom ein går vidare frå det som vart gjort i 1987, med å krevja ein halv time kortare dag, og ikkje ventar tredve år til, men krev ein halv time i tre tariffoppgjer, så kan sekstimarsdagen vera på plass. Om dette let seg gjera i tre påfølgjande oppgjer, vil sjølvsagt vera avhengig av kor sterkt kravet står i fagrørsla. Eg synest det er trist at LO-leiaren snakkar om heiltidskultur utan på same å seia at heiltid burde vera sekstimarsdag. Men ho har også sagt at kravet må komma frå medlemmene, så her er det berre å stå på!

Meir fri tid kan gi rom for meir ansvarleg miljøatferd, utan at det finst ei fiks ferdig korrekt oppskrift på kva det skal vera. Men kanskje litt mindre ferdigmat for dei som liker å laga mat sjølve, litt mindre bilkøyring for dei som heller vil sykla eller gå, litt mindre «bruk og kast» for dei som synest det kan vera greitt å bruka litt av den nyvunne fritida til å sy i ein knapp eller lappa ei bukse framfor å kjøpa ei ny. Dette er tilfeldige eksempel, begrensa av min fantasi, og må ikkje oppfattast som ein moralsk instruks. Andre kan sjå for seg andre eksempel, og komma fram til ein visjon om sekstimarsdagen som kan bli svært ulik min.

Betre fordeling?

Og no er det enda mange viktige sider ved sekstimardagen det kan seiast noko om. Til dømes likestillinga, eller aller helst kvinnefrigjeringa – «likestilling» har etterkvart blitt eit vanskeleg ord å bruka. Vil sekstimarsdagen gi oss eit meir likestilt samfunn, eller eit samfunn med mindre kvinneundertrykking? Eg kan sitera Vømmøl ein gong til: «det e itjnå som kjem tå sæ sjølv». Sekstimarsdagen er ingen garanti for noko som helst. Men den gir oss betre mulegheiter for betre fordeling av både makt og oppgåver. På mikroplanet vil eit par som begge jobbar seks timar ha eit langt betre utgangspunkt for ei lik fordeling av både barneomsorg og huslege oppgåver enn om dei løyser tidsklemma ved at ho jobbar deltid og han heiltid med overtid attåt. Dersom begge jobbar seks timar, vil dei sannsynlegvis også vera meir økonomisk likestilte enn om den eine jobbar deltid og den andre overtid. Sånt har følgjer for pensjonspoenga, men det er også ein samanheng mellom makt og pengar i det daglege. Så lenge idyllen rår, er det greitt med felles kasse. Den dagen det knirkar, er det viktig å kunna vera økonomisk sjølvstendig.

Men, som sagt, frigjeringseffekten kjem ikkje automatisk. Dei har også heilt rett dei som minner om at sekstimarsdagen kan gi rom for å ha to jobbar – for dei som ønskjer det. Dei vil gå glipp av alle
fordelane med meir fri tid.

Finn det positive først

Eg håpar diskusjonen kan dreia seg om korleis vi kan sjå for oss sekstimarsdagen i våre eigne liv, og om korleis vi kan spreia ideen til andre rundt oss.  Alle som har ei fagforeining, har eit forum der ein kan reisa forslag og setja i gang diskusjon. Kunne det vera aktuelt å prøva ut sekstimarsdag på vår avdeling? Er det stemning for å senda inn eit forslag til tariffoppgjeret? Trengst det meir informasjon? Kan det vera ein ide å invitera tillitsvalde frå Tine Heimdal til å komma og fortelja om erfaringane, og diskutera ut frå det?

Ein treng elles ikkje ha ei fagforeining for å diskutera sekstimardagen. Det kan også vera eit tema for dei som er med i kommunalt styre og stell. Kunne det vera aktuelt å prøva sekstimarsdagen på sjukeheimen eller i barnehagen? Kva må til for at eit sånt forsøk skal gi ny kunnskap? Det har vore gjort fleire forsøk i kommunal sektor, det finst folk som kan inviterast til å snakka om erfaringane sine. (Dei forsøka som var i gang i 2008, er omtalte i «Sekstimarsdagen – den neste store velferdsreforma».) Forsøk i yrke som har med omsorg og pleie å gjera, kostar pengar. Der er det stort sett lite å vinna på rasjonalisering og effektivisering – dei fleste har tatt ut den gevinsten allereie. Det vil seia at det må fleire folk inn dersom ein skal få ein sekstimarsdag utan auka press og stresst. Til gjengjeld kan tilbod om sekstimarsdag med full lønn gjera det lettare å rekruttera, slik dei erfarte i heimetenesta i Bergen.  Men ein kjem ikkje unna diskusjonen om kven som skal betala. Akkurat no kunne det vera freistande å spørja kor mange som kan få sekstimarsdag for dei milliardane vi ikkje treng å bruka på å førebu OL i 2022. Alle veit at det ikkje er så enkelt. Men der det finst politisk vilje, er det ofte mogeleg å finna pengar. Eg trur ikkje det er lurt å starta diskusjonen med finansieringa, ein må ta det positive først.

Og når eg har nemnt fagrørsla og kommunestyrerepresentantane, er det også viktig å seia at alle andre også kan vera med på å spreia ideen om sekstimarsdagen. Dei fleste treffer nokon av og til, somme har ein gjeng dei les bøker i lag med, andre har nokon dei trenar i lag med, somme treffer andre foreldre i FAU og liknande organ. Det går an å diskutera saka i heilt uformelle samanhengar. Dersom det finst ein gnist av interesse, kan ein invitera til eit treff der ein diskuterer sekstimarsdagen med eller utan ein invitert innleiar. Gudrun Schyman, leiaren for Feministiskt Initiativ i Sverige, baserte valkampen på at folk inviterte til husmøte for å diskutera FI sin politikk. Kan vi læra noko av det? Her er det berre fantasien som set grenser.

Eit forsøk på å samla nokre hovudpunkt:

  • Sekstimarsdagen kan gjennomførast utan at norsk økonomi bryt saman.
  • Fagrørsla kan gjennomføra arbeidstidsforkortinga ved å krevja ein halv time kortare normalarbeidsdag i tre tariffoppgjer.
  • Vi treng metodar for å bremsa det private forbruket, meir fritid istadenfor meir pengar, kan vera eitt av fleire tiltak.
  • Sekstimarsdag på arbeidstakarane sine premissar kjem ikkje utan mange står saman om å stilla kravet, og vera med på å diskutera korleis sekstimarsdagen skal gjennomførast på arbeidsplassen (td skiftordningar, overlapping osv.).
  • For diskusjonen anbefalar eg å starta med korleis du kan sjå for deg sekstimarsdagen som eit gode i ditt liv, og gå vidare til kva som kan gjerast lokalt der du bur for å starta ei brei folkerørsle for sekstimarsdagen.


 
Magnhild Folkvord var ordstyrer på sekstimersdagskonferansen 1. mars 2014.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar