onsdag 4. november 2015

Blir det mindre sjukefråvær med sekstimarsdag?

Somme sekstimarsforsøk har blitt stempla som «mislykka» fordi sjukefråværet på arbeidsplassen ikkje gjekk ned i løpet av ein periode på eitt og eit halvt eller to år. Andre stader, slik som på Tine på Heimdal, som har innført sekstimarsdag som fast ordning, har dei registrert ein nedgang i sjukefråværet frå 12 til 6 prosent, og under Oslo-forsøket på 1990-talet gjekk korttidsfråværet merkbart ned i forsøksperioden.

Høgt korttidsfråvær kan vera eit teikn på dårleg arbeidsmiljø og mistrivsel. Korleis sekstimarsdagen verkar på arbeidsmiljøet, har mykje å gjera med korleis arbeidstidsreduksjonen blir gjennomført. Der dei tilsette blir involverte i å laga nye tidsplanar og turnusar, kan det gi ein ekstragevinst for arbeidsmiljøet. I Oslo-forsøket vart ny turnus lagt opp slik at dei tilsette fekk meir varierte arbeidsoppgåver. Sånt kan både auka trivselen og redusera muskelslitasje – med visse verknader for sjukefråværet.

Likevel skal det meir forsking til før ein kan seia noko heilt sikkert om samanhengen mellom sjukefråvær og sekstimarsdag, og bruker ein «lågare sjukefråvær» som eit argument for sekstimarsdagen, kan det bli ei blindgate. Den største delen av sjukefråværet er langtidsfråvær, og det kjem oftast av alvorlege sjukdommar, kroniske sjukdommar eller helsesvikt som ikkje blir påverka av lengda på arbeidsdagen. 

Det vanlege er at nokre få personar på ein arbeidsplass (510 prosent av dei tilsette) står for det meste av sjukefråværsdagane i eit år. På ein arbeidsplass med nokre titals tilsette kan eitt eller to sjukdomstilfelle eller alvorlege uhell gjera dramatiske utslag på sjukefråværsstatistikken, utan at det blir påverka av kor lang arbeidsdagen er. «Det blir ikkje mindre influensa om vi arbeider seks timar om dagen,» sa ein produksjonsleiar i skiferbedrifta Minera Norge i 2008.

Kva påverkar sjukefråværet på ein arbeidsplass?
  • Nyrekruttering – nytilsette er gjerne friskare enn gjennomsnittet. 
  • Alder – eldre arbeidstakarar har gjerne fleire diagnosar som kan føra til sjukefråvær. Dersom sekstimarsdag gjer at folk som nærmar seg pensjonsalder, orkar å stå lenger i arbeid, kan det også føra til at sjukefråværet går noko opp. 

Måla for den samarbeidsavtalen mellom regjeringa og hovudorganisasjonane i arbeidslivet som blir kalla IA-avtalen (Inkluderande arbeidsliv) er i nokon monn sjøslvmotseiande. Dei overordna måla for avtalen som gjeld frå 2014 til 2018 er «å bedre arbeidsmiljøet, styrke jobbnærværet, forebygge og redusere sykefravær og hindre utstøting og frafall fra arbeidslivet».

Sekstimarsdag kan hjelpa til å betra arbeidsmiljøet og hindra utstøyting og fråfall frå arbeidslivet, ved at uføretrygding og alderspensjonering kan bli utsett, men er ingen garanti for at sjukefråværet blir redusert.

Folk kan kjenna seg friskare utan at det slår ut på sjukefråværsstatistikken. Eit stort forsøk med sekstimarsdag i offentleg sektor vart gjort i Sverige 20052006, det varte om lag eitt og eit halvt år. Dei som fekk kortare arbeidstid, opplevde meir trivsel og betre helse.  Det vart ikkje registrert vesentlege endringar i sjukefråvær, eller i blodtrykk, kondisjon, eller sukker- og feittinhald i blodet. Men deltakarane var mindre plaga av muskelsmerter, dei var mindre trøytte etter arbeidsdagen, dei sov betre og dei sov lenger.

Det er rimeleg å tru at korttidsverknadene på muskelsmerter, utmatting og søvn i lengda kan føra til færre slitasjeskadar. Men skal ein kunna måla resultat av det, trengst det meir langvarige forsøk enn dei som har vore gjort til no.

Meir om samanheng mellom arbeidstid, helse og sjukefråvær kan du lesa i «Sekstimarsdagen – den neste store velferdsreforma» av Ebba Wergeland og Magnhild Folkvord.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar