onsdag 4. november 2015

Når kjem «fedrar for sekstimarsdagen»?

Sia ein del av foreldrepermisjonen i samband med fødsel vart obligatorisk for fedrane – med fire veker i 1993, og til den vart auka til 14 veker i 2013 – har stadig fleire fedrar tatt ut meir pappaperm. Det er venta at nedgangen til ti veker frå og med 2014 gir ein viss nedgang.

Nav-statistikk viser at talet på menn som tar ut pappaperm er dobla frå om lag 19 500 i 2006 til 38 400 i 2015, auken gjeld fedrar i alle aldersgrupper.

Statistikken viser også at lengda på den obligatoriske fedrekvoten har mykje å seia for kor lang pappapermen blir for dei fleste. I 2006 tok vel 60 prosent inntil 20 dagar. I 2015 var det 58 prosent som tok 30 dagar eller meir. Gjennomsnittet i 2014 var 49 dagar.

Nybakte fedrar opplever det som positivt å kunna læra ungane sine betre å kjenna i det første leveåret, somme erfarer at det er meir arbeid med ungar i den alderen enn dei var klar over. Auken i talet på dei som tar lengre permisjon enn det som er obligatorisk for far, må tolkast soma både eit uttrykk for meir likestilling i heimen og eit ønske om meir tid i lag med ungane.

For dei fleste mødrer og fedrar blir tida med småbarn etter foreldrepermisjonen svært strevsam dersom begge skal vera i full jobb. Omsorg for ungar tar ikkje mindre tid etter det første leveåret.
Tvertom, etterkvart som ungane veks, kjem nye krav til oppfølging og deltaking. Tradisjonelt har mange løyst det med at mor går ned i arbeidstid, til dels også med at far arbeider overtid. Dette har blitt møtt med forståing frå arbeidsgivarane. Dei som prøver å gjera det motsett, risikerer at arbeidsgivaren er mindre forståande. Når ein mann ønskjer redusert arbeidstid av omsyn til omsørgjaransvaret, kolliderer det med forståinga av mannen som først og fremst forsørgjar.

Kor lenge vil moderne fedrar godta at det skal vera slik? Kva skal til for at fedrar med gode erfaringar frå pappapermen, går saman om å stilla krav om seks timars normalarbeidsdag? Utviklinga av pappapermen har vist tydeleg at det er dei obligatoriske ordningane som kan føra til endringar for det store fleirtalet. Retten for far til å ta ein del av permisjonen har vore der lenge, først når den vart obligatorisk, vart det vanleg å bruka den. Slik er det rimeleg å tru at det vil vera med normalarbeidsdagen også. Så lenge det krev individuelle tiltak å få ein arbeidsdag som gir tid til omsorg, vil det vera reservert for nokre få.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar