tirsdag 16. februar 2016

Sekstimarsdag for to, fem og ti tilsette


Er sekstimarsdagen vanskelegare å gjennomføra i ei bedrift med to eller fem eller ti tilsette enn der det er 200 tilsette? Mykje tyder på at det er andre forhold enn kor stor bedrifta eller arbeidsplassen er som avgjer kor lett eller vanskeleg det kan vera å gjennomføra sekstimarsdag.

Seks personar
Det svenske datafirmaet Brath med seks personar praktiserer sekstimarsdag for alle, og dei er godt nøgde. (Dagens Næringsliv 28.11.2015.) Eit treningssenter i Sandnes gjer det same, der har dei hatt sekstimarsdag heilt frå senteret starta for fire år sia. Opningstida er delt i to skift for dei tilsette, 9-15 og 15-21. Se Ingrid Wergeland: I takt med tiden, Manifest forlag.

Produksjonsbedrifter
Både små og større produksjonsbedrifter har funne ut at med ei viss effektivisering, kan ein få til sekstimarsdag utan at produksjonen går ned. Kanskje med å redusera nokre mindre pausar, eller med å gå frå fellespausar til rullerande pausar. Altså utan at det trengst fleire tilsette. Det er viktig at slike omorganiseringar ikkje fører til at det blir større press på dei tilsette.

Pleie og reinhald
Det er ein vesentleg skilnad mellom produksjonsbedrifter, der det kan vera noko å vinna med effektivisering som ikkje treng å gå utover dei tilsette, og tenestebedrifter (pleie/omsorg, reinhald osv), der arbeidspresset stort sett er så høgt at kortare arbeidstid krev fleire tilsette.  

Butikkar og bibliotek
I butikkar, offentlege kontor, bibliotek og andre verksemder som har meir enn seks timars opningstid for publikum, må ein finna fram til skiftordningar eller overlapping slik at ein får dekt opningstida best mogeleg. Somme stader kan det gjerast utan fleire tilsette, andre stader vil det krevja nokre nye stillingar.

Lange opningstider?
På lang sikt, når seks timars arbeidsdag blir det vanlege for dei alle fleste arbeidstakarane, er det rimeleg å tru at det blir mindre bruk for lange opningstider til dømes i offentlege kontor og i varehandelen.

Dei tilsette må avgjera
Meir avgjerande enn kor stor bedrifta er, er det om dei tilsette får vera med og avgjera korleis sekstimarsdagen skal organiserast, jfr erfaringane frå Tine, ostelageret på Heimdal. Der vart det gjennomført langvarige forsøk i samarbeid med tillitsvalde og tilsette før sekstimardagen vart gjort til ei varig ordning.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar