fredag 22. september 2017

2018: Åttetimarsdagen 100 år! Sekstimarsdagen – når?



2018: Åttetimarsdagen 100 år!
Sekstimarsdagen – når?
             
                                  
Kvifor er eit sånt 100-årsjubileum verd å feira?

1.      100 år med åttetimarsdag er eit godt utgangspunkt for å gjennomføra den neste store velferdsreforma – seks timars normalarbeidsdag – gjennom dei kommande tariffoppgjera.
2.      Kva kan vi læra av historia? Skal vi «ta sekstimarsdagen» slik dei tok åttetimarsdagen i 1918?

Tilbakeblikk – 1918:

«Den 2.mai blev ogsaa en merkedag. Arbeiderne lystret ikke længer arbeidsgivernes ordrer men arbeidet bare 8 timer. Fabrikfløytens monotone lyde hørtes bare paa samme tid som før, men blev fuldstendig ignorert av arbeiderne. De bestemte selv naar arbeidet skulde begynde og hvorledes arbeidsdagen skulde inddeles. Bedriften her har ikke gjort noget nævneværdig for at motsætte sig arbeidernes vilje.»
Slik starta rapporten frå Glomfjord 10. mai 1918 i avisa Ny Tid, den gongen ei radikal arbeidaravis som kom ut i Trondheim.

2. mai 1918 vart ein merkedag i kampen for åttetimarsdagen. Våren 1918 gjekk oppmodinga ut frå arbeidarråda som på den tida fanst på mange industriarbeidsplassar: Dersom åttetimarsdagen ikkje er på plass innan 1. mai, tar vi den frå og med 2. mai. (Meir om noko av det som skjedde: http://marxisme.no/arbeiderne-lystret-ikke-laenger/)

Heilt sia 1889 hadde åttetimarsdagen vore ei felles kampsak for den internasjonale fagrørsla, målet var «8 timer arbeid – 8 timer hvile – 8 timer frihet», eit lokkande mål for den mannlege delen av arbeidarklassa. – Kva som skulle til for å gi kvinnene «8 timer frihet», var ikkje tema den gongen.

2. mai 1918 var det mange industriarbeidarar som gjorde som arbeidarane i Glomfjord. Men ikkje alle arbeidsgivarane var like medgjerlege. Dei omfattande aksjonane gjorde at LO måtte støtta kravet om ei rask løysing av arbeidstidsforkortinga. Ei mellombels lov vart vedtatt i Stortinget 14. august 1918, og ei permanent lovendring som avgrensa normalarbeidsdagen til åtte timar vart vedtatt på nyåret i 1919.

Eit viktig mål var nådd for fleirtalet av industriarbeidarane. Lovendringa i Fabrikktilsynslova (seinare arbeidsmiljølova) gjaldt den gongen for handverks- og industriverksemder med minst fem tilsette. Bygningsarbeidarar, tømrarar, murarar, losse- og lastearbeidarar, mange av dei som hadde det aller tyngste arbeidet, var ikkje omfatta av fabrikktilsynslova. Og mange kvinnerike yrke, slik som varehandel og kontor, hushjelp og sjukepleie, måtte enno venta lenge på å få åttetimarsdag.
Aksjonane 2. mai 1918 sikra ikkje åttetimarsdagen for alle arbeidstakarar, men dei var så viktige for det som skulle komma, at dei fortener ei verdig jubileumsfeiring.

Kven kan markera 100 års-jubileet for åttetimarsdagen lokalt?

Lokale LO-avdelingar, fagforeiningar, klubbar vil vera naturlege initiativtakarar, arrangementa kan vera store, små, mindre eller større. Mange stader finst historielag, bibliotek, kvinneorganisasjonar som kan samarbeida om ulike arrangement eller markeringar.

Kva kan gjerast for å markera 100-årsjubileumet?

Ulike former for møte/seminar/konferansar der ein tar fram forteljinga om kva som skjedde på dei ulike stadene – i Odda, Glomfjord, Trondheim, Sarpsborg, Larvik, Oslo og alle dei andre stadene der det var aksjonar ved ei eller fleire bedrifter. Kanskje finst det etterkommarar etter dei som stod i spissen den gongen, som kan fortelja noko?
Tema ein kan ta opp i tillegg til den lokale historia om kva som faktisk skjedd 2. mai 1918:

Kva har skjedd med produktiviteten dei siste 100 åra, korleis arbeidarane har vore med på å auka fortenesta for arbeidsgivarane meir enn dei har fått att i lønnsauke og/eller fritid.

Kva er status i dag? Kvifor er ei vidare arbeidstidsforkorting viktig – av omsyn til
klima/miljø, likestilling i heim og samfunn, deling av arbeid for å dempa arbeidsløysa, eit
meir inkluderande arbeidsliv?
      
Erfaringar med sekstimarsdag der det er prøvd/innført.
   
Korleis kan vidare arbeidstidsforkorting gjennomførast ved å krevja ein halv times kortare normalarbeidsdag i kvart av dei tre kommande tariffoppgjera?
      
Somme stader kan det finnast materiale til å laga utstillingar – fagforeiningsfaner, avisutklipp frå 1918. (Digitale avisarkiv/bibliotek vil gi god hjelp!)
     
La 2. mai bli den nye merkedagen i kampen for sekstimarsdagen. Lag «ta sekstimarsdagen»-aksjonar med markeringar for eksempel kl 14 el kl 15. «No ville du ha fri dersom arbeidsdagen var seks timar …» 

Der engasjementet er stort nok, kan det vera mogeleg å gjennomføra ein politisk streik i ein og ein halv time for å ta sekstimarsdagen.
 
  
Aksjonskomiteen for sekstimersdagen                                                     23. september 2017

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar