fredag 8. september 2017

Invitasjon til sekstimars-dugnad­­­



Dette innlegget sto litt forkorta i Dagens Nyheter 8.9 2017. Det er ein kommentar til eit intervju med Rasmus Hansson frå MDG som sto 2.9, og som er referert nedanfor her. 


I DN 2.9. leverer Rasmus Hansson (MDG) mange strålande argument for å redusera arbeidstida til 30 timar, dette er noko partiet gjerne vil fremja i ein forhandlingssituasjon: «…  mer fritid fremfor økt kjøpekraft», «flere med i arbeidslivet» - jorda tåler ikkje ein grenselaus økonomisk vekst.

Hansson utfordrar Arbeidarpartiet. Sørgjeleg at Ap-representanten Wickholm meiner debatten om sekstimarsdagen er ei «avsporing fra de viktigste spørsmålene». Historia vil visa kven som står for avsporinga.

Heldigvis finst det andre gode krefter. Fagforbundet, det største og mest kvinnerike forbundet i LO, har oppskrifta: ein halvtimes forkorting av normalarbeidsdagen i tre tariffoppgjer. Andre LO-forbund er med. Av partia som stiller til stortingsval har både Raudt og SV sekstimarsdagen høgt oppe på sine program.

Vi håpar MDG vil sjå nærare etter kven fleire som kan bli med på sekstimars-dugnaden, og gir nokre gode råd med på vegen:

·         Gå ikkje åleine! Sats på samarbeid med dei beste kreftene i kvinnerørsla, fagrørsla og i andre parti!

·         Gløym den fleksibiliteten arbeidsgivarane ønskar seg for å kunne utnytta arbeidskrafta til alle  tider på døgnet!

·         Lytt til kva røynde kvinneaktivistar og fagforeiningsfolk har å seia om kva normalarbeidsdagen betyr!

·         Arbeidstidskommisjon? Drøft med potensielle samarbeidspartnarar om det er ein snarveg eller ein omveg! 

·         Gløym ikkje sekstimarsdagen når valkampen er over!



Magnhild Folkvord,
Aksjonskomiteen for sekstimarsdagen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar