Seks timar, meir heiltid

15 februar 2017

Dragvoll helse- og velferdssenter i Trondheim

På det svært godt besøkte parolemøtet for 8. mars i Oslo nyleg vart dette ein av hovudparolane: «Vi krever faste hele stillinger, likelønn og 6 timers dag», etter framlegg frå LO i Oslo.

Overraskande for somme av oss kom eit framlegg om å ta vekk «6 timers dag». Hadde det vore betre tid, ville eit naturleg spørsmål vore: «Korleis kan vi få realisert mål om faste heile stillingar og likelønn utan 6 timars dag?»

Eit forsøk ved Dragvoll Helse- og velferdssenter i Trondheim skulle frå 2013 sikra alle tilsette heiltidsjobb. Bystyret hadde på førehand vedteke at den nye sjukeheimen skulle ha «heltid som hovedregel og 30 timers uke med full lønnskomepensasjon». Men før forsøket starta vedtok formannskapet å endra arbeidstida frå 30 til 35,5 timar per veke – av økonomiske grunnar. Etter at forsøksperioden var over, viste det seg at det ikkje vart meir heilltid.  Dermed er det vanskeleg å dokumentera kor mykje meir heiltid det ville blitt med sekstimarsdag. Men sia mange av dei som arbeider deltid har arbeidstid omtrent tilsvarande sekstimarsdag, kan ein nokså trygt rekna med at 30 timers veke ville gitt eit anna resultat.

I samband med arbeidstidsreduksjonen i 1986 forklarte ein SSB-forskar at 6 timars normalarbeidsdag ville vera det mest effektive tiltaket for utjamning av lønnsgapet mellom kvinner og menn, ut frå at ein vesentleg del av lønnsskilnaden var knytt til mykje deltidsarbeid blant kvinnene.

Det vil vera naivt å tru at 6 timars normalarbeidsdag automatisk vil blåsa vekk alle deltidsstillingar og tetta lønnsgapet, men å tru at «hele faste stillinger og likelønn» let seg gjera utan 6 timars dag, er meir enn naivt.

Magnhild Folkvord, Oslo

mafolkvo@online.no

(Innlegg i Klassekampen 15.02.17)

Aksjonskomiteen for seksimersdagen kan opplyse om at kravet om sekstimersdagen ble en av hovedeparolene til 8. marstoget i Oslo.