Jernarbeidarane og «den største retfærdighet»

Gullparola 1. mai 2019. Foto: GAD

Jernarbeidarane og «den største retfærdighet»

«Kva vil vera «den største retfærdighet» i våre dagar – om ikkje råderett over ein litt større del av døgnet for både jernarbeidarar og andre?  Er det ikkje på tide å krevja meir tid til å leva?»

Sitatet er slutten på en tekst av Magnhild Folkvord/Aksjonskomiteen for sekstimersdagen som sto på trykk i Dagsavisen 2. mai 2019. Les hele:

Dei som ikkje rakk å feira 100-årsjubileet for 8-timarsdagen i fjor, har sjansen til å gjera det i år, til dømes akkurat i dag.

2. mai 1919 tredde den nye tariffavtalen for jernarbeidarane, Jernoverenskomsten, i kraft, 8-timarsdagen var på plass for 20.000 organiserte jernarbeidarar. «… dessuten snylter 6-7000 uorganiserte arbeidere sig til den samme fordel», skreiv avisa «1ste Mai» 29.4. 1919. Avisa slo fast at arbeidarane sigra her – «som de vil seire altid efter kortere eller længere tids forløp, fordi deres krav bunder i den største retfærdighet».

Overeinskomstar for andre grupper arbeidarar kom i rask rekkefølgje dei følgjande månadene, og somme hadde fått sin 8-timarsdag alt før jernarbeidarane. Ved sjokoladefabrikkane Freia og Bergene var ny tariff med 8-timarsdag ferdigforhandla, og pølsemakarane både i Kristiania og ein del andre byar hadde også fått 8-timarsdag frå 1. mai.

Kanskje var det ein og annan av dei som gjekk til sin første 8-timarsdag 2. mai 1919 som sende ein takksam tanke til dei som hadde «tatt 8-timarsdagen» ved direkte aksjon akkurat eitt år tidlegare? Ulike stader i landet hadde arbeidarar følgt parolen frå arbeidarrådskonferansen våren 1918: «Har vi ikkje fått 8-timarsdagen innan 1. mai, tar vi den 2. mai!» Somme, til dømes arbeidarane ved Thune Mekaniske Verksted i Kristiania, fekk med det 8-timarsdagen på plass. Andre vart «belønna» med arbeidsrett for å ha gjort noko dei ikkje hadde lov til. I Trondheim var oppslutninga om å ta 8-timarsdagen så stor, og motstanden frå arbeidsgivarane så sterk, at det heldt på å bli generalstreik i byen.

Korkje oppslutninga om aksjonen eller haldninga frå arbeidsgivarane var den same overalt. I ettertid har somme av historieskrivarane avskrive aksjonane i 1918 som «mislykka». Men historikaren Edvard Bull har oppsummert aksjonane slik: «Arbeiderrådsbevegelsen hadde vist at kravet var så brennende i arbeiderklassen at en måtte regne med fortsatte aksjoner hvis det ikke ble oppfylt. Arbeidsgiverne våget ikke lenger å stritte imot, og åttetimersdagen ble tariffestet. 1. juni 1919 ble den lovfestet. Dermed hadde den norske arbeiderbevegelsen vunnet en av sine aller største seire.» (Edvard Bull: Arbeiderklassen i norsk historie, s.262.)

Etter tariff- og lovfesting i 1919 har normalarbeidsdagen blitt forkorta ein gong – med ein halvtime i tariffoppgjeret i 1986, utan noka tilsvarande endring av arbeidsmiljølova. Forkortinga til 7,5 times normalarbeidsdag vart opplevt som eit stort framsteg, eit krav som «bunder i den største retfærdighet», for å låna orda frå avisa «1ste Mai» i 1919.

Ei 100-årsmarkering kan inspirera til å krevja meir av «den største retfærdighet». Gruvearbeidarane i Sulis peika ut vegen vidare da dei etter innføringa av 8-timarsdagen erstatta 8-talet på fana si med eit 6-tal. Dei var såleis på line med gruvearbeidarar i andre delar av den internasjonale fagrørsla. Dei som arbeidde «under dagen» i gruvene hadde særeigne helsemessige grunnar til å krevja kortare arbeidsdag. Seinare har det komme ei rad nye argument som gjer at fagorganiserte i tusental stiller seg bak kravet om forkorting om normalarbeidsdagen.

Fagforbundet, som med sine 365.000 medlemmer er det største LO-forbundet, organiserer flest av dei som har fått kjenna på kroppen at 7.5-timarsdagen er for lang, og har i lang tid peika ut sekstimarsdagen som den neste store velferdsreforma.

Til no har det nest største LO-forbundet, Fellesforbundet, med mindre enn halvparten så mange medlemmer, ikkje støtta dette kravet.

Kvifor går ikkje Fellesforbundet, som i dag har all grunn til å feira 100-årsjubileet for 8-timarsdagen, inn for vidare forkorting av normalarbeidsdagen? Opplever ikkje også Fellesforbundet sine medlemmer at døgnet har for få timar? Har ikkje dei også trøbbel med å få timane til å rekka til arbeidsreise, levering og henting i barnehage/SFO og full jobb? Har ikkje dei også ønske om å ha tid til omsorg for ungane etter at foreldrepermisjonen er over? Og kva med lokalmiljøet, skolekorpset, idretten og politikken?

Effektivisering og økonomisk vekst aukar for kvart år. Kor lenge skal den daglege arbeidstida stå fast på 7.5 timar – som om det dreidde seg om ei uforandreleg naturlov? Kva vil vera «den største retfærdighet» i våre dagar – om ikkje råderett over ein litt større del av døgnet for både jernarbeidarar og andre?

Er det ikkje på tide å krevja meir tid til å leva?

Magnhild Folkvord for Aksjonskomiteen for sekstimersdagen