Sekstimarsdagen – smittefarleg?

Mykje er vakkert i det norske arbeidslivet – som bedriftsdemokratiet og den norske modellen Men kor langt er det gode samarbeidet til å lita på? Kor lenge er ein avtale ein avtale?

Dei om lag 140 tilsette på Tine Heimdal vart for meir enn ti år sia einige med arbeidsgivaren om at det vellukka forsøket med sekstimarsdag skulle bli ei varig ordning. Dei hadde diskutert korleis arbeidsdagen kunne bli meir effektiv, dei tilsette gav mellom anna avkall på fellespausar for å kunna gå tidlegare heim frå jobben. Dei vart einige, og i alle åra etterpå har ordninga fungert godt. Dei tilsette og dei som dei lever i lag med har nytt godt av ein betre kvardag. Produksjonen har til og med auka!

Så kjem meldinga om at dei som sitt på toppen i Tine vil ta vekk sekstimarsdagen. Det skal vera eit sparetiltak. Dei vil altså gå tilbake på ein avtale som har fungert i mange år. Dei tilsette har ikkje sagt seg einige. Men det kan sjå ut til at arbeidsgivaren vil bryta avtalen likevel. Er det slik bedriftsdemokratiet verkar?

Hadde dei enda hatt eit argument ein kunne forstå. Men korleis kan dette vera eit sparetiltak? Dersom arbeidsdagen skal bli ein og ein halv time lenger, må lønna aukast tilsvarande. Ulempene for arbeidarane er ikkje like lette å måla. Kan ein utan vidare gå ut frå at dette vil bety tilsvarande meir produksjon? Er det nokon som trur ein arbeidar er ein robot som berre kan programmerast til å verka i ein og ein halv time meir – med same produktivitet? Med lengre dag kan dei til dømes ha bruk for å få tilbake den gamle pauseordninga.

Dersom arbeidsgivaren kan «avvikla» ein velfungerande avtale på så lettvint vis, kan ein mistenkja at det ligg andre omsyn under eller bakom. Er sekstimarsdagen eigentleg er for god? Er det nokon som fryktar at den skal spreia seg, at fleire skal krevja å få same rett til ein betre kvardag som dei Tine-tilsette no har hatt sia 2006? I så fall er dette ei sak som gjeld langt fleire enn dei tilsette på Tine Heimdal, det er eit trugsmål mot alle dei fagorganiserte i og utanfor LO som har sekstimarsdagen på programmet, og som har venta lenge og tolmodig på at den skal gjennomførast.

LO har eit langsiktig mål om sekstimarsdag. Kan dette lokale åtaket på ein svært godt fungerande sekstimarsdag fortena ein solidarisk redningsaksjon?

Magnhild Folkvord

 

Forskaren og «livmorfeministane»

Fagbladet • 04. november 2019, 04:11 • Magnhild Folkvord, Aksjonskomiteen For Sekstimarsdagen

«SEKSTIMERSDAGEN er absolutt ikke veien å gå», seier forskar Nina Amble i eit intervju med Fagbladet. Ho meiner fire dagars veke er ei betre løysing for å få meir heiltid og rekruttera til helsesektoren. Dersom ho reknar med ei arbeidstidsforkorting til 30 timars veke, vil det vera tale om fire 7,5 timars dagar i veka for dei som arbeider på dagtid. Utan arbeidstidsforkorting vil dei fire arbeidsdagane i snitt vera på omlag 9,4 timar.

Det er ikkje lett å skjønna Amble si skepsis til sekstimarsdagen. Når ho seier at ho er så «lei de livmorfeministene … [som] kommer som en torpedo fra siden og skal ha sekstimersdag», blir det vanskeleg å følgja med. Er det nokon som vil torpedera kravet om heiltid med krav om sekstimarsdag? I Aksjonskomiteen for sekstimarsdagen ser vi sekstimarsdag og heiltid som to sider av same sak.

Den arbeidstida som gir full jobb i dag, er for lang for så mange. Vi treng ein arbeidsdag som er til å leva med, også i dei tyngste kvinneyrka. Kvinner som har prøvd sekstimarsdag i ein forsøksperiode har komme til at dersom sekstimarsdagen kunne bli ei varig ordning, ville dei sjå lyst på å stå i full jobb til ordinær pensjonsalder. Men utan det ville dei gå av med førtidspensjon ved første høve.

Amble seier at kampen for heiltid blir bremsa av at det er «kjempevanskelig å få damer til å prøve nye ting». Ein litt underleg påstand, synest vi. Ganske mange kvinner, og også ein del menn, har hatt høve til å prøva sekstimarsdag, altså ein heilt «ny ting», på arbeidsplassane sine. Kanskje var det litt skepsis på førehand, men når forsøksperioden var over, var det stor sorg over at dei måtte tilbake til gammal ordning.

Vi meiner det er svært viktig å få til ordningar som gjer at flest mogeleg kan velja heiltid framfor deltid. Det er også eit viktig føresetnad for at dei fleste kvinner skal kunna bli økonomisk sjølvstendige.

Men det krev at heiltid betyr ein arbeidsdag som er til å leva med, også i dei tyngste kvinnedominerte yrka. Kvifor lagar Amble ein motsetnad mellom sekstimarsdag og 30 timars veke? Dersom det var mogeleg å bli einige om at normalarbeidsdagen er det grunnleggjande i kampen om arbeidstida, kunne vi starta med å redusera arbeidsveka frå 37,5 timar til 30 timar og normalarbeidsdagen frå 7,5 timar til 6 timar. I dag finst det avtalte ordningar for å avvika frå 7,5 timar dagleg der det er særleg gode grunnar for det. Det må det framleis vera når normalarbeidsdagen blir redusert til seks timar.

Når skift og turnus skal organiserast ut frå ein kortare normalarbeidsdag, reknar vi dei som gjer jobben, som dei beste ekspertane til å laga nye, gode ordningar. Vi trur det er ein lettare veg enn Amble si oppskrift som ifølgje intervjuet er å «dytte og dra for å få flere til å jobbe heltid». Fagforbund som representerer ein halv million menneske, der fleirtalet er kvinner, greier iallfall å krevja både rett til heiltid og kortare normalarbeidsdag!