Sekstimarsdagen – smittefarleg?

Mykje er vakkert i det norske arbeidslivet – som bedriftsdemokratiet og den norske modellen Men kor langt er det gode samarbeidet til å lita på? Kor lenge er ein avtale ein avtale?

Dei om lag 140 tilsette på Tine Heimdal vart for meir enn ti år sia einige med arbeidsgivaren om at det vellukka forsøket med sekstimarsdag skulle bli ei varig ordning. Dei hadde diskutert korleis arbeidsdagen kunne bli meir effektiv, dei tilsette gav mellom anna avkall på fellespausar for å kunna gå tidlegare heim frå jobben. Dei vart einige, og i alle åra etterpå har ordninga fungert godt. Dei tilsette og dei som dei lever i lag med har nytt godt av ein betre kvardag. Produksjonen har til og med auka!

Så kjem meldinga om at dei som sitt på toppen i Tine vil ta vekk sekstimarsdagen. Det skal vera eit sparetiltak. Dei vil altså gå tilbake på ein avtale som har fungert i mange år. Dei tilsette har ikkje sagt seg einige. Men det kan sjå ut til at arbeidsgivaren vil bryta avtalen likevel. Er det slik bedriftsdemokratiet verkar?

Hadde dei enda hatt eit argument ein kunne forstå. Men korleis kan dette vera eit sparetiltak? Dersom arbeidsdagen skal bli ein og ein halv time lenger, må lønna aukast tilsvarande. Ulempene for arbeidarane er ikkje like lette å måla. Kan ein utan vidare gå ut frå at dette vil bety tilsvarande meir produksjon? Er det nokon som trur ein arbeidar er ein robot som berre kan programmerast til å verka i ein og ein halv time meir – med same produktivitet? Med lengre dag kan dei til dømes ha bruk for å få tilbake den gamle pauseordninga.

Dersom arbeidsgivaren kan «avvikla» ein velfungerande avtale på så lettvint vis, kan ein mistenkja at det ligg andre omsyn under eller bakom. Er sekstimarsdagen eigentleg er for god? Er det nokon som fryktar at den skal spreia seg, at fleire skal krevja å få same rett til ein betre kvardag som dei Tine-tilsette no har hatt sia 2006? I så fall er dette ei sak som gjeld langt fleire enn dei tilsette på Tine Heimdal, det er eit trugsmål mot alle dei fagorganiserte i og utanfor LO som har sekstimarsdagen på programmet, og som har venta lenge og tolmodig på at den skal gjennomførast.

LO har eit langsiktig mål om sekstimarsdag. Kan dette lokale åtaket på ein svært godt fungerande sekstimarsdag fortena ein solidarisk redningsaksjon?

Magnhild Folkvord