Tariffoppgjøret i industrien: Baklengs inn i framtida?

7 april 2016

Glade arbeidere med sekstimersdag på Tine Heimdal, Trondheim   Foto: JG

«På grunn av den fortsatte og økede arbeidsledighet og nye bedriftsinnskrenkninger vil representantskapet, idet det understreker kongressens beslutninger av 1931, uttale at bak kongressens beslutninger om 6 timers dag og skift står i dag den samlede norske fagbevegelse.» Dette er ikkje science fiction. Det er dessverre heller ikkje eit vedtak frå det siste representantskapsmøtet i LO, eller ein LO-kommentar til det resultatet som Fellesforbundet så langt har komme til i tariff-forhandlingane i 2016.

Sitatet ovanfor er del av ei fråsegn frå representantskapet i LO i slutten av april 1934. Den same fråsegna understreka at i alle verksemder der spørsmålet om innskrenkingar kunne komma opp, «må fagorganisasjonen sette spørmålet om forkortelse av arbeidstiden til 6 timers dag som det viktigste krav der i noen grad kan bøte på den voksende arbeidsledighet».

Den sekstimarsdagen LO gjekk inn for på 1930-talet er enno ikkje gjennomført. Men argumenta for ei slik arbeidstidsforkorting har blitt berre fleire: produktiviteten har auka, fleire foreldrer – både menn og kvinner – opplever at døgnet ikkje strekk til dersom begge skal ha full jobb og tid til heim og ungar, for ikkje å snakka om dei som er åleine om ansvaret for både jobben, inntekta og den daglege omsorgen for ungane. Og sekstimarsdag kan også i dag vera ein metode for å dela på arbeid der det er aktuelt.

Arbeidsgivarane pressar hardt på for å svekkja eller helst oppheva normalarbeidsdagen, slik at arbeidstakarane kan brukast til alle tider på døgnet med minst mogeleg tillegg for overtid og/eller ubekvem arbeidstid.

Kva skjer så når Fellesforbundet er først ute i eit forbundsvist oppgjer? Eit resultat så langt er at grensene for normalarbeidsdagen står i fare for å bli utvida frå  0600-1700 til 0600-1900 måndag til fredag og frå 0800-1200 på laurdagar til 0800-1800. Rett nok er dette ikkje vedteke enno, og det er eit vilkår at det skal vera semje om det lokalt.

Skal det lykkast å nå målet om ein kortare normalarbeidsdag, er det viktig å forsvara rammene for normalarbeidsdagen. Elles kan resultatet bli full rett til å arbeida seks timar i døgnet utan nokon garanti for at det gir ei lønn å leva av.

Magnhild Folkvord,

Aksjonsgruppa for sekstimarsdagen.

mafolkvo@online.no

Sekstimarsdag for to, fem og ti tilsette

Maria Brådt, leder av datafirmaet Brath som har sekstimersdag.

Er sekstimarsdagen vanskelegare å gjennomføra i ei bedrift med to eller fem eller ti tilsette enn der det er 200 tilsette? Mykje tyder på at det er andre forhold enn kor stor bedrifta eller arbeidsplassen er som avgjer kor lett eller vanskeleg det kan vera å gjennomføra sekstimarsdag.

Seks personar

Det svenske datafirmaet Brath med seks personar praktiserer sekstimarsdag for alle, og dei er godt nøgde. (Dagens Næringsliv 28.11.2015.) Eit treningssenter i Sandnes gjer det same, der har dei hatt sekstimarsdag heilt frå senteret starta for fire år sia. Opningstida er delt i to skift for dei tilsette, 9-15 og 15-21. Se Ingrid Wergeland: I takt med tiden, Manifest forlag.

Produksjonsbedrifter

Både små og større produksjonsbedrifter har funne ut at med ei viss effektivisering, kan ein få til sekstimarsdag utan at produksjonen går ned. Kanskje med å redusera nokre mindre pausar, eller med å gå frå fellespausar til rullerande pausar. Altså utan at det trengst fleire tilsette. Det er viktig at slike omorganiseringar ikkje fører til at det blir større press på dei tilsette.

Pleie og reinhald

Det er ein vesentleg skilnad mellom produksjonsbedrifter, der det kan vera noko å vinna med effektivisering som ikkje treng å gå utover dei tilsette, og tenestebedrifter (pleie/omsorg, reinhald osv), der arbeidspresset stort sett er så høgt at kortare arbeidstid krev fleire tilsette.

Butikkar og bibliotek

I butikkar, offentlege kontor, bibliotek og andre verksemder som har meir enn seks timars opningstid for publikum, må ein finna fram til skiftordningar eller overlapping slik at ein får dekt opningstida best mogeleg. Somme stader kan det gjerast utan fleire tilsette, andre stader vil det krevja nokre nye stillingar.

Lange opningstider?

På lang sikt, når seks timars arbeidsdag blir det vanlege for dei alle fleste arbeidstakarane, er det rimeleg å tru at det blir mindre bruk for lange opningstider til dømes i offentlege kontor og i varehandelen.

Dei tilsette må avgjera

Meir avgjerande enn kor stor bedrifta er, er det om dei tilsette får vera med og avgjera korleis sekstimarsdagen skal organiserast, jfr erfaringane frå Tine, ostelageret på Heimdal. Der vart det gjennomført langvarige forsøk i samarbeid med tillitsvalde og tilsette før sekstimardagen vart gjort til ei varig ordning.

Går det an å ha sekstimersdag på ett sted?

Svaret er JA. Det skjer akkurat nå i Norge. Det er en fabrikk i Trondheim som heter Tine Heimdal. Der har de hatt seks timers normalarbeidsdag i 8-10 år. De tjener det samme som da de hadde vanlig arbeidstid. Altså, de har full lønnskompensasjon. Dette er ikke et forsøk, men en permanent ordning. Du kan lese om det i teksten som heter Må det ansettes flere ved sekstimersdag?

Så har det vært mange forsøk i Norge som har vart en stund, der en bedrift eller institusjon har hatt sekstimersdag. Du kan lese om slike forsøk i boka til Ebba Wergeland og Magnhild Folkvord. Kapittel 12 forteller om forsøk på disse stedene: Tine Heimdal (som nå har permanent ordning, industri og kontor), Bergen hjemmetjenester, B. Innvær AS på Bømlo (industri), Miljøservice Trondheim eiendom (reinhold), Trondheim parkering (tjenestebedrift uten at det ble ansatt flere), Minera på Otta (skiferindustri), SinkaBerg-Hansen AS Rørvik (lakseforedling), Krølle frisør i Fauske, Nardo bil i Trondheim (bilverksted), Vikaunet fabrikker i Stjørdal (betongheller), Brandasund fiskeforedling AS i Bømlo (fiskeforedling), Sigurd Folland AS på Averøy (fiskeforedling), Osloforsøket på sjukehjem og hjemmetjeneste i en bydel.

Forsøk har ofte vart i to år, noen kortere. Det er flere grunner til at forsøk er gjort. Noen steder initiativet kommet fra ledelsen, og det er ulikt i hvilken grad de ansatte har vært med på å lage skiftordninger. I slutten av kapittel 12 er den en oversikt over forsøka som viser lengden på dem, arbeidstid før og etter sekstimersdag, matpauser, overtidstillegg og mer.

Forfatterne av boka har besøk nesten alle stedene og snakka med folk. Disse fortellingene er veldig nyttige for alle som tenker på sekstimersdagen. Ellers er boka full av annen  informasjon om akkurat det som blir diskutert når en diskuterer sekstimersdagen, se innholdsfortegnelsen, så skjønner du akkurat det!

Les eller last den ned boka her.

Kom på møte om livskvalitet ved kortere arbeidstid

Siavash Mobacheri. Foto: Rødt

KOM OG HØR SIAVASH MUBASHERI 9. JUNI KLOKKA 17 PÅ ELDORADO BOKHANDEL I OSLO (TORGGATA 9)

«Penger er ikke alt. Fritid, det er også en form for rikdom»
Hvem sier dette? Kom og få svaret av Siavash Mubasheri 9. juni i Oslo! Han har nettopp nå i mai levert sin masteroppgave, og den forteller han om på et møte som er arrangert av Aksjonskomiteen for sekstimersdagen. Siavash studerer folkehelsevitenskap.

Han har undersøkt ei gruppe ansatte ved Tines anlegg i Trondheim, hvor alle har hatt seks timers normalarbeidsdag i flere år. Med full lønn. Han har villet se på hvordan den nye arbeidstida har påvirka balansen mellom arbeid, fritid og familieliv. Er likestillinga i familien blitt endra på noen måter? Hvordan er hverdagen endra? Hva sier de ansatte sjøl om sin livskvalitet? Oppgaven hans er altså ferdig, her får vi ferske forskningsresultater!

Hold av tidspunktet, vi kommer snart tilbake med opplysning om lokalet.

Rapporten fra Oslo-forsøket digitalisert

Endelig har vi fått digitalisert rapporten fra Oslo-forsøket, sekstimersdagforsøket i Oslo kommune. Forsøket varte i 22 måneder (1995-1997), hadde 103 forsøkspersoner og ble gjennomført ved et sjukehjem og et distrikt for hjemmetjenester.

Rapporten finner du her.
Vedleggene finner du her.

Du kan også se prosjektleder Gry Opsahls oppsummering av prosjektet her.