Rapporten fra Oslo-forsøket digitalisert

Endelig har vi fått digitalisert rapporten fra Oslo-forsøket, sekstimersdagforsøket i Oslo kommune. Forsøket varte i 22 måneder (1995-1997), hadde 103 forsøkspersoner og ble gjennomført ved et sjukehjem og et distrikt for hjemmetjenester.

Rapporten finner du her.
Vedleggene finner du her.

Du kan også se prosjektleder Gry Opsahls oppsummering av prosjektet her.

Sekstimersdag på Tine Heimdal

2 april 2014

Brennpunkt: Sekstimersdagen

Brennpunkt 1. april 2014 handla om sekstimersdagen. I Noreg jobbar me meir enn gjennomsnittet i EU, er effektive dei timane me jobber, og Perspektivmeldinga melder at me skal bli svært rike i framtida. Likevel seier politikarane, arbeidsgivarane og LO våre at me må jobbe meir, men kva skjer viss me ikkje jobber meir? spør Brennpunkt.

Dei tar oss med til småbarnsfamilier som har møtt tidsklemma og undersøkt korleis tilsette på Tine i Heimdal opplever kortare arbeidsdag: sjukefråværet blei halvert og produktiviteten har auka 34 prosent sidan 2006. Gerd Liv Valla seier:  – En sekstimersdag vil gi mer tid til omsorg. Det vil være et frigjøringsprosjekt, det vil innebære mer enn likestilling. Sekstimersdagen vil hjelpe sterkt pressede småbarnsfamilier, så begge kan være i full jobb. Det vil gi et kvalitativt bedre liv for slitne voksne, som har foreldre eller andre nærstående som trenger omsorg.

Dei viser ei undersøking Spekter fekk laga, som viser at halvparten av befolkninga heller vil ha fri kvar fredag enn tilsvarande lønnsauke. Fire av ti vil heller auke skattar og jobbe mindre enn å jobbe meir med dagens skattenivå for å oppretthalde velferdsstaten i framtida. Spekter-leiar Anne-Kari Bratten er overraska – men dette stemmer med ei undersøking Framtiden i våre hender gjorde i 2010.

SSB viser at sekstimersdagen er mogleg! I rapprorten Må vi jobbe mer? Konsekvenser av mindre materialistisk vekst, skriv dei at dei forventer at det vil bli 20 prosent lågare sysselsetting og 30 prosent lågare forbruk i 2060 dersom me tar ut produktivitetsveksten i tid framfor pengar (sekstimarsdag). Likevel vil det private forbruket vera dobbelt så stort i 2060 enn det er i dag. Dette baserer dei på ei forventning om fortsatt produktivitetsvekst på 2 prosent i privat sektor og 0,5 prosent i offentleg sektor kvart år.

SSB viser også at me ikkje må velge mellom å oppretthalde dagens velferdsnivå eller redusert arbeidstid – men det krever at me betaler litt meir skatt. Allereie i dag seier halvparten at dei ville prioritere slik – i framtida er det forventa at me har dobbelt så mykje mellom henda enn i dag – sjølv etter auka skatt, andelen som vil prioritere slik vil forhåpentligvis auke.

For kloden vår vil ikkje tåle denne auken i det private forbruket, kloden sliter allereie med eit lite bærekraftig forbruk. Det seier sjølv Bratten seg samd i.

Dersom du ikkje fekk sett Brennpunkt, eller vil sjå ein gang til, ligg den her: http://tv.nrk.no/serie/brennpunkt/mdup11000614/01-04-2014

Her er magasin-artikkelen knytta til saka: http://www.nrk.no/magasin/kampen-om-tiden-1.11641299

Her er artikkelen knytta til saka: http://www.nrk.no/fordypning/du-kan-jobbe-mindre-og-tjene-mer-1.11640338

Her er kronikken ytring.no publiserte i forbindelse med saka: Et verdivalg samfunnet må ta av Linn Stalsberg: http://www.nrk.no/ytring/et-verdivalg-samfunnet-ma-ta-1.11643187

Tilslutt rapporten frå SSB: http://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/artikler-og-publikasjoner/ma-vi-jobbe-mer-konsekvenser-av-mindre-materialistisk-vekst