Tariffoppgjøret i industrien: Baklengs inn i framtida?

7 april 2016

Glade arbeidere med sekstimersdag på Tine Heimdal, Trondheim   Foto: JG

«På grunn av den fortsatte og økede arbeidsledighet og nye bedriftsinnskrenkninger vil representantskapet, idet det understreker kongressens beslutninger av 1931, uttale at bak kongressens beslutninger om 6 timers dag og skift står i dag den samlede norske fagbevegelse.» Dette er ikkje science fiction. Det er dessverre heller ikkje eit vedtak frå det siste representantskapsmøtet i LO, eller ein LO-kommentar til det resultatet som Fellesforbundet så langt har komme til i tariff-forhandlingane i 2016.

Sitatet ovanfor er del av ei fråsegn frå representantskapet i LO i slutten av april 1934. Den same fråsegna understreka at i alle verksemder der spørsmålet om innskrenkingar kunne komma opp, «må fagorganisasjonen sette spørmålet om forkortelse av arbeidstiden til 6 timers dag som det viktigste krav der i noen grad kan bøte på den voksende arbeidsledighet».

Den sekstimarsdagen LO gjekk inn for på 1930-talet er enno ikkje gjennomført. Men argumenta for ei slik arbeidstidsforkorting har blitt berre fleire: produktiviteten har auka, fleire foreldrer – både menn og kvinner – opplever at døgnet ikkje strekk til dersom begge skal ha full jobb og tid til heim og ungar, for ikkje å snakka om dei som er åleine om ansvaret for både jobben, inntekta og den daglege omsorgen for ungane. Og sekstimarsdag kan også i dag vera ein metode for å dela på arbeid der det er aktuelt.

Arbeidsgivarane pressar hardt på for å svekkja eller helst oppheva normalarbeidsdagen, slik at arbeidstakarane kan brukast til alle tider på døgnet med minst mogeleg tillegg for overtid og/eller ubekvem arbeidstid.

Kva skjer så når Fellesforbundet er først ute i eit forbundsvist oppgjer? Eit resultat så langt er at grensene for normalarbeidsdagen står i fare for å bli utvida frå  0600-1700 til 0600-1900 måndag til fredag og frå 0800-1200 på laurdagar til 0800-1800. Rett nok er dette ikkje vedteke enno, og det er eit vilkår at det skal vera semje om det lokalt.

Skal det lykkast å nå målet om ein kortare normalarbeidsdag, er det viktig å forsvara rammene for normalarbeidsdagen. Elles kan resultatet bli full rett til å arbeida seks timar i døgnet utan nokon garanti for at det gir ei lønn å leva av.

Magnhild Folkvord,

Aksjonsgruppa for sekstimarsdagen.

mafolkvo@online.no