Likelønnspilotar, finst dei?

I Klassekampen 4. mars gjer Marie Sneve Martinussen (Rødt) grundig greie for det urimelege lønnsgapet mellom kvinner og menn i likestillingslandet Noreg, med dokumenterte fakta det ikkje er tvil om.

Mindre kjentde fakta kom fram i ei offentleg utgreiing for meir enn tretti år sia. I NOU 1987 : 9B kan ein lesa at det mest effektive likelønnstiltaket ville vera seks timars arbeidsdag for alle med full lønnskompensasjon. Ingen garanti for at det ville tetta heile lønnsgapet, men det ville monna kraftig. Ikkje minst ville det gi full tid og full lønn til mange av dei som no arbeider deltid.

Sia denne utgreiinga kom har det vore gjennomført mange likelønnsaksjonar, viktige for å auka medvitet om urettferdige tilstandar, men ikkje nok til å setja fart på lønnsutjamninga. På desse tretti åra har lønnsgapet krympa med om lag to prosentpoeng. Når vil likelønna vera i mål med det tempoet?

Kan tida vera inne for å kopla likelønnsaksjonane til kampen for sekstimarsdagen? Parolen er velkjend: «Ein arbeidsdag å leva med og ei lønn å leva av!» Kven kan gjera noko for å realisera dette kravet? Først og fremst alle arbeidsgivarar, ikkje minst dei i offentleg sektor, som snakkar om heiltidskultur. Sannsynlegvis veit dei at heiltid for alle i dei mest kvinnerike, tunge yrka er ein illusjon så lenge arbeidsdagen er 7,5 timar. Men gjera noko med det?

For fagorganiserte er det rimeleg å tenkja at sekstimarsdagen lettast kan innførast med at ein byttar tid mot pengar i tariffoppgjera, ein halv time forkorting av arbeidsdagen i tre oppgjer skulle vera nok.

Medan vi ventar på at toppane i fagrørsla skal ta dette ansvaret, er det fritt fram for alle arbeidsgivarar – til dømes dei kommunale. Det finst ikkje noko forbod mot å innføra sekstimarsdagen lokalt, med likelønnsaktivistane som pådrivarar kan det kanskje gå litt raskare? Kanskje som pilotprosjekt i første omgang, til dømes i sjukeheimar, barnehagar, og kvifor ikkje i teknisk etat? Gode pilotar kan vera starten på mykje bra, og bli eit kraftig dytt framover for likelønna.

Magnhild Folkvord,

Aksjonskomiteen for sekstimarsdagen