Kvifor så tolmodige, MDG?

Først trykket i Dagsavisen 15 oktober 2018

Vi som ventar på sekstimarsdagen er lette å gleda. Litt som «vesle lerka» som trur på vår med ein einaste gong når ho ser «ein tuvetopp fri for snjo». Derfor var vi klare til å jubla da MDG tok fram sekstimarsdagen i samband med opninga av Stortinget. Men kanskje må vi venta litt med den store jubelen og eventuell sjampanje?

MDG tar ikkje til orde for ei rask innføring av arbeidstidsforkortinga. Partiet vil foreslå på Stortinget at det «nedsettes et arbeidstidsutvalg for å utrede grunnlaget for en gradvis reduksjon i dagens arbeidstid». Arbeidstidsreforma skal utviklast i samarbeid med partane i arbeidslivet «over en lengre tidsperiode» på 10 til 20 år. Der stansa jubelen hos oss.

Kor mange og lange utgreiingar trengst det om dette temaet? For vel 30 år sia var det eit offentleg utval som greidde ut ulike former for arbeidstidsforkorting, mellom dei seks timars arbeidsdag. I NOU 1987 : 9B kan ein lesa at sekstimarsdagen vart vurdert som det mest effektive tiltaket for å jamna ut lønnsgapet mellom kvinner og menn. Dette i tillegg til alle dei gode argumenta MDG løftar fram: eit meir inkluderande arbeidsliv, kvardagar med mindre stress og press, og bra for miljøet fordi det vil redusere folks materielle forbruk. Forslaget er også bra for kvinner, dei som arbeider ufrivillig deltid vil lettare kunna arbeida full tid, og med det bli meir økonomisk sjølvstendige.

Kva er det som skal greiast ut? Mange forsøk har vore gjennomført, Tine sitt ostelager på Heimdal innførte sekstimarsdag som fast ordning for meir enn ti år sia. Dei har til og med halde oppe same produksjon utan fleire tilsette. Slik effekt kan ein ikkje venta alle stader, det har å gjera med kva type arbeid det er. Der den menneskelege faktoren er avgjerande, vil det oftast vera lite rom for vidare effektivisering. Men somme stader kan organiseringa av arbeidet endrast (NB! i samråd med dei tilsette!) utan at presset aukar.

Denne taktikken for å gjennomføra sekstimarsdag for alle vart først lansert av tidlegare LO-leiar Gerd Liv Valla: ein halv times forkorting av den daglege arbeidstida i tre tariffoppgjer, altså ta ut noko av veksten i fritid istadenfor pengar. Dette har til no ikkje fått full oppslutnad frå heile fagrørsla, men Mette Nord, leiaren for Fagforbundet, det største og kvinnerikaste forbundet i LO, har argumentert godt for ein slik framgangsmåte. Den første halvtimen etter at åttetimarsdagen vart innført, vart tatt ved tariffoppgjeret i 1986, altstå for meir enn 30 år sia.

No er det 100 år sia åttetimarsdagen vart innført for det store fleirtalet av arbeidarar, og mange meiner at eit vesentleg steg for å gjennomføra sekstimarsdagen kan vera ein verdig måte å markera jubileet på. Da trengst det noko meir kraftfullt enn ei høfleg oppmoding om å setja ned enda eit offentleg utval.

MDG er ikkje åleine på Stortinget om å vera positive til sekstimarsdagen. Raudt og SV har sagt dei er for, til og med Arbeidarpartiet har varsla at dei «snusar» på sekstimarsdagen. Kan det da vera naudsynt å venta på at Høgre og Frp vil setja ned eit utval …? Og kva om dei ikkje vil? Har vi ikkje lov til å venta at dei som er for sekstimarsdagen finn kvarandre og drøftar seriøst kva som kan gjerast – sjølvsagt i samråd med fagrørsla? Trengst det støtte til kommunar eller offentlege institusjonar som vil prøva ut sekstimarsdagen? Er det verksemder som kan ha nytte av å bruka sekstimarsdagen som rekrutteringstiltak, og som treng økonomisk støtte til det? Finst det dråper av oljekapitalen som kan brukast til slike tiltak medan vi ventar på at partane i arbeidslivet blir einige om sekstimarsdag med full lønnskompensasjon for alle?

All ære til MDG og andre som er med på å løfta fram og argumentera for sekstimarsdagen som eit godt og nødvendig framsteg. Men no trengst det handling, og for mykje tolmod er ikkje av det gode.

Magnhild Folkvord,

Aksjonskomiteen for sekstimarsdagen