2018 / 2019: 8-timersdagen 100 år – 6-timersdagen når? Trondheimskonferansen 2019

Magnhild Folkvord, Aksjonskomiteen for sekstimarsdagen, holdt dette innlegget på Trondheimskonferansen 27. januar 2019

På 1880-talet gjekk arbeidsfolk i Noreg i kamptog for normalarbeidsdagen og stemmeretten 17.mai.

I 1889 bestemte ein fagleg konferanse i Paris at 8-timarsdagen skulle vera den felles internasjonale kampsaka for fagrørsla, og 1. mai den felles kampdagen. Parolen var 8 timar arbeid – 8 timar kvile – 8 timar fritid.

Tida gjekk, og 1.mai-toga gjekk. (bilete av 1.maitog på Krokan ved Rjukan 1908 og Glomfjord 1918).

Det tok til å røyna på tolmodet blant arbeidarane.

 

  1. mai 1918 i Trondheim

Ved dei mekaniske verkstadene i byen var det i halvsjutida om morgonen møtt fram ein større styrke av både uniformerte og sivile politifolk, «antagelig for å beskytte de som vilde bryte beslutningen om gjennemførelse av 8-timerskravet og begynde arbeidet etter den gamle arbeidstid» skreiv avisa Ny Tid, den gongen ei radikal arbeidaravis som kom ut i Trondheim. (2.5.1918.)

Det vart ikkje mykje å gjera for politifolka, berre nokre få arbeidarar møtte fram. Ved Ørens mek. verksted møtte ingen opp til det som hadde vore vanleg arbeidstid. Men da arbeidarane kom klokka 8, slik dei sjølve hadde bestemt, møtte dei ein stengd port med ein plakat som sa «Porten er som vanlig stængt fra arbeidstidens begyndelse og aapnes først frokosttiden». Arbeidarane gjekk heim, og i frukosten var det også nokre av dei som hadde komme tidlegare som gjekk heim.

Dermed var det full stans, ikkje berre på Trondhjems mek. Verksted, men også på andre jernindustriverksemder som var tilslutta arbeidsgivarforeininga. Slik var det også på hermetikkfabrikkane og bryggeriet.

Ein historisk dag – men ikkje i historiebøkene

2.mai 1918 vart ein historisk dag for arbeidsfolk i Noreg, men ein dato som ikkje har fått plass i historiebøkene, og heller ikkje har vore noko stort tema i opplæringa av tillitsvalde på Sørmarka og andre stader, iallfall ikkje så langt eg veit.

Kva var det som skjedde? Noko så enkelt – og dramatisk – som at fleire tusen arbeidarar tok 8-timarsdagen, heilt bokstaveleg. Dei gjekk heim frå jobben etter åtte timars arbeid.

Det var ei vel planlagt markering. Oppmodinga hadde gått ut frå ein arbeidarrådskonferanse tidlegare på våren: Har vi ikkje fått 8-timarsdagen innan 1. mai, tar vi den 2. mai. Arbeidarråda var meir aktivistiske enn toppen av fagrørsla, og meir direkte inspirerte av revolusjonen i Sovjet året før.

Eit 30 år gammalt krav

Situasjonen på den tida: åttetimarsdagen hadde vore eit felles krav for den internasjonale fagrørsla i nesten 30 år.

På ein del arbeidsplassar var 8-timarsdagen alt innført, med lokale avtalar, og somme stader med humant innstilte arbeidsgivarar. Throne Holst, den tids eigar av Freia sjokoladefabrikk i Oslo, var ein av desse. Han sørga for at arbeidstida per veke gradvis vart redusert frå 60 timar i 1898, og han var tidleg ute med 8-timarsdagen. På Freia vart 8-timarsdagen innført i starten av 1918, altså før arbeidarråda sendte ut sin parole.

Hovudsaka med parola frå arbeidarråda og dei aksjonane som kom 2. mai var å få fastslått 8-timarsdagen for alle, slik at ein ikkje skulle vera avhengig av velvilje og humanistisk innstilling hos dei einskilde arbeidsgivarane.

I Trondheim stod arbeidarrådsrørsla sterkt, og førebuingar til aksjonen var gjort i god tid før 1. mai. Arbeidarrådet hadde sendt oppmodinga om å gjennomføra 8-timarsdagen seinast innan 1.mai til alle verksemder i byen, med forslag om korleis den nye arbeidsdagen kunne sjå ut: Arbeidstid kl 8-18 dei fem første dagane i veka, middagspause kl 12.00–13.30. Laurdag arbeidstid kl 7–13, med ein halv time frukost. Ingen av bedriftene svarte på dette. 30. april kom ein deputasjon av arbeidarar til møte med sjefane for dei største bedriftene, og gjorde det klart at åttetimarsdagen kom til å bli innført frå og med 2. mai, med den tidsinndelinga som arbeidarrådet hadde foreslått. Arbeidsgivarane svarte at dei ville ikkje respektera anna arbeidstid enn den som var «tarifmæssig fastslaat».

I hovudstaden hadde Thune fabrikkar eitt av dei første arbeidarråda. Her hadde arbeidarane møtt opp til vanleg tid 2.mai, og etter åtte timars arbeid slo ein av arbeidarane med ein hammar på eit sagblad. Det var signalet: I samla tropp forlet dei om lag 500 arbeidarane arbeidsplassen, dei tok åttetimarsdagen, og frå og med den dagen var åttetimarsdagen innført på denne arbeidsplassen. Mange andre stader i landet, mellom anna på Hydro sine anlegg i Telemark, i Odda og i Glomfjord i Nordland gjennomførte arbeidarane tilsvarande aksjonar

Avisa Nidaros innførte 8-timarsdag i trykkeriet 30. april, og dei som ikkje alt hadde 8-timarsdag i Adresseavisen, fekk det også. Også ved Vikans boktrykkeri i Trondheim var 8-timarskravet gjennomført.  Men andre arbeidsgivarar var meir gjenstridige.

Arbeidarrådet fekk fullmakt frå 3000 arbeidarar til å «proklamere fuld arbeidsstans i samtlige private og offentlige bedrifter fra og med mandag 6. mai kl 6 fm.» og til å avgjera kor lenge arbeidsstansen skulle vara.

Dermed var situasjonen, med utsikt til omfattande streik i både private og offentlege verksemder frå og med måndag 6.mai kl 6 om morgonen, så alvorleg at borgarmeisteren i Trondheim, Hans Jørgen Bauck, såg seg nøydd til å gripa inn. Han oppmoda arbeidarrådet til å prøva forhandlingar, og tilbaud sjølv å ta kontakt med både landsorganisasjonen og arbeidsgivarforeininga dersom han fekk eit positivt svar frå arbeidarrådet. På same tid oppmoda han arbeidarrådet til å hindra den arbeidsstansen som var varsla.

Arbeidarrådet godtok framlegget om forhandlingar og utsette den varsla streiken – på visse vilkår: dei organiserte arbeidarane i byen måtte vera representerte ved eventuelle forhandlingar, og dei arbeidsrettssakene som alt var varsla, måtte innstillast.

Ikkje tid til å gå i detalj om det som skjedde vidare her i byen, forhandlingsmøtet 15.juni oppfatta arbeidarane meir som eit forhøyrsmøte enn forhandlingsmøte. I følgje avisa Ny Tid gav det ikkje det møtet noko resultat.

«En av arbeiderbevegelsens aller største seire»

Historikaren Edvard Bull, som har skrive mykje om arbeidarhistorie, har sagt det slik: «Arbeiderrådsbevegelsen hadde vist at kravet var så brennende i arbeiderklassen at en måtte regne med fortsatte aksjoner hvis det ikke ble oppfylt. Arbeidsgiverne våget ikke lenger å stritte imot, og åttetimersdagen ble tariffestet. 1. juni 1919 ble den lovfestet. Dermed hadde den norske arbeiderbevegelsen vunnet en av sine aller største seire.» (Edvard Bull: Arbeiderklassen i norsk historie, s.262.)

Lov- og tarifffesting av åttetimarsdagen gjorde sjølvsagt ikkje slutt på utbyttinga av arbeidsfolk. Men det vart likevel sett viktige grenser for kor stor del av døgnet arbeidsgivaren skulle ha lov til å styra over arbeidaren. Parolen om «8 timar arbeid, 8 timar kvile, 8 timar fritid» høvde godt for industriarbeidarmannen. Ikkje alle arbeidarkvinner opplevde at åttetimarsdagen gav dei åtte timar fritid.

Vi kan også merka oss at forkortinga av normalarbeidsdagen heller ikkje gjaldt alle. Td var kontor- og varehandel ikkje omfatta av lovendringa i 1919, og heller ikkje da det som seinare vart arbeidsmiljølova vart revidert i 1936. Sjukepleiarane fekk ikkje åttetimarsdag før i 1937, etter at dei hadde laga sin eigen underskriftsaksjon.

Det vart gjort mange undersøkingar av verknaden av åttetimarsdagen i dei vestlege landa, og oppsummeringane var svært positive. Fortkortinga av arbeidstida hadde ført til meir bruk av maskinar og betre maskinar, og betre og meir effektiv organisering av arbeidet, arbeidarane var friskare, det vart færre arbeidsulykker. Svært mange oppsummerte at arbeidarane produserte like mykje på åtte timar som før på ti timar.

 

Nytt krav i tronge tider

Så snart 8-timarsdagen var på plass, var offensive arbeidarar klare med kravet om seks timars arbeidsdag.

Gruvearbeidarane i Sulitjelma måla over 8-talet på fana si, og sette eit 6-tal i staden. Gruvearbeidarar både i Tyskland og i Sulitjelma reiste krav om sekstimarsdag for dei som arbeidde under jorda. Ein notis i Lofotposten i januar 1920 fortalde at arbeidarar Ruhrdistriktet kravde seks timars arbeidsdag, regjeringa kravde ni. Dei som arbeidde i dei mest helsefarlege delane av Hydro sine verksemder på Rjukan og Notodden kravde seks timars skift av helsemessige grunnar. Men det tok lang tid å få det innført. På 1920- og 1930-talet, da arbeidsløysa var stor, var det mange fagforeiningar som stilte krav om seks timars arbeidsdag for å dela på arbeidet. I 1928 gjennomførte Borregård fabrikker ei omfattande  rasjonalisering som førte til ei «bedriftsinnskrenkning på 300 mann». Borregårdsarbeidarane kravde at gjevinsten av rasjonaliseirnga skulle komma arbeidarane til gode, og at bedrifta skulle innføra seks timarsdag. (Norges kommunistblad 27.11.1928.) Kor langt dei kom med kamp mot oppseiingane er uvisst, men sekstimarsdag fekk dei ikkje. I mai 1934 vart det halde eit fellesmøte av murarar, murarbeidarar, elektrikarar og heismontørar  som drøfta sekstimarsdagen. Dei gjorde eit vedtak om å be foreiningsstyra ta opp arbeidet med å få gjennomført 6 timars arbeidsdag ved kommande tariffrevisjon. (Arbbl 4.mai 1934.)

Kort oppsummert: i mellomkrigstida var sekstimarsdagen eit mannskrav. Dessverre var det ikkje mange som fekk det innfridd.

Heilt sia industrialiseringa starta, har den teknologiske utviklinga gjort produksjonen stadig meir effektiv, og meirverdiproduksjonen har auka for kvar tid. Ikkje minst har utvikling av datateknologi dei siste tiåra ført til ein enorm effektivitetsauke, ikkje berre i industrien, men også i ein del tenesteproduksjon. Eg veit ikkje kor mange som kan minnast tilbake til den gongen kjøpmannen og butikkdamene stod og rekna saman prisen på mjølk og brød og mjøl og rosiner med papir og blyant. Dagens REMA, RIMI, KIWI og konkurrentane deira treng berre ein brøkdel så mange tilsette som det trongst for tilsvarande omsetning på 1950-talet. Men det betyr ikkje at det er dei som jobbar i desse butikkane som har blitt millionærar.

Utan å bruka tid på nøyaktig utrekning av produktivitetsveksten kan vi slå fast at dei tilsette berre har tatt ut ein brøkdel av produktivitetsveksten i auka lønn og/eller fritid. På same tid har arbeidstidsforkorting verka som ei ekstra drivkraft for enda meir effektivisering.

På 1930-talet trudde optimistiske økonomar, som Keynes, at tre timars arbeidsdag ville vera nok for barnebarna, med den forventa teknologiske utviklinga.

For lite kravstore?

No har det ikkje gått akkurat slik. Sånn sett er vi kanskje litt lite kravstore vi som dei siste 30 åra har sagt at seks timars normalarbeidsdag er nok. Frå arbeidsgivarsida og deira politiske handlangarar er kravet heile tida at vi skal arbeida meir. Ingen vil argumentera for tolv timars arbeidsdage, men det blir snakka mykje om fleksibilitet. Det ideelle er arbeidaren som kan arbeida opp til ti-tolv timar når det trengst, og kanskje mindre enn seks timar om det skulle vera nok. Og sjølvsagt til ein lågast mogeleg kostnad. (NB! Her snakkar eg ikkje om dei som har spesielle avtalar om arbeidstid, som td i Nordsjøen.)

Dette er kampen om prisen på arbeidskrafta. Men det er også ein kamp om tida vår, ikkje berre om ferie og helgedagar, men om korleis kvar einaste kvardag skal sjå ut. Kor mykje av døgnet skal vi få rå over sjølve, kor mange timar skal vi selja til arbeidsgivaren? Kva slags liv skal folk få lov til å leva?

Jamført med dei som kjempa for 8-timarsdagen i 1918, er det mange som i dag bruker vesentleg meir tid på jobben om vi reknar med reisetid til og frå jobb. Men døgnet har framleis berre 24 timar, og søvnbehovet er omtrent det same som for 100 år sia.

 

Mannskrav og likestillingskrav

Det gamle mannskravet om sekstimarsdagen vart eit likestillingskrav etterkvart som store mengder kvinner vart yrkesaktive i løpet av 1970-talet. Ansvaret for hus og heim og ungar er ikkje lenger berre ei sak for kvinnfolk. Ikkje minst har pappapermen bidratt til at mange menn av den yngre generasjonen gjerne vil ha meir tid i lag med ungane. Og barndommen varer som kjent mykje lenger enn pappapermen. Organiserte og uorganiserte aktivitetar krev foreldre som kan delta, og det krev tid. Sekstimarsdag vil gi eit vesentleg betre utgangspunkt for dei som er to til å dela på arbeid og ansvar i heimen.

Eg stiller meg på ingen måte bak statsministeren sitt krav om at det skal lagast fleire ungar, dei som har ungar, veit at det kan vera krevjande nok med ein eller to. Men dersom statsministeren meiner alvor, kunne ho jo prøva å innføra sekstimarsdagen først, så fekk vi sjå om det vart fleire ungar av det. Det ville iallfall bety betre tid for dei som er eller ønsker å bli foreldre.

(bilete frå Samorg-toget i Oslo i 1981)

Sia vi begynte å ta opp att det gamle kravet om sekstimarsdagen på 1980-talet har det komme nye argument til. Den økonomiske veksten har gjort at dei fleste har fått betre råd, det materielle overforbruket har auka i ein grad som trugar både klima og miljø. SSB har varsla at dersom den økonomiske veksten held fram som den har gjort i seinare tid, vil det private forbruket kunna bli to-tre-dobla i løpet av nokre tiår. Kva betyr det? Vi bør ikkje eta oss meir enn mette, det er grenser for kor mykje vi kan kle på oss, kor mange hus, hytter, bilar, osv vi kan forbruka. Men talet på flyreiser veks meir og meir, og den auken ventar ikkje på at flya skal bli utsleppsfri.

Om noko av den økonomiske veksten kan takast ut i tid istadenfor pengar, vil det derfor gjera godt på fleire vis – betre kvardagar for den som må arbeida for å leva, betre tid til å leva for den som må arbeida, og litt mindre av det klimaskadelege overforbruket. Seks timars arbeidsdag kan gjera at den økonomiske veksten blir litt mindre.

 

Korleis møta robotiseringa?

Og det kan bli viktig å skaffa arbeid til fleire. Den teknologiske utviklinga gjer mange av dagens jobbar overflødige på sikt. Og sjølv om ikkje alle drøymer om lønnsarbeid, vil det,slik samfunnet er organisert i dag, vera viktig for dei fleste å ha ein jobb som gir ei brukbar inntekt, og vi kjem ikkje unna at lønnsarbeidet inntil vidare også er ein viktig faktor for å delta i samfunnet for dei fleste. Vi kan drøyma om eit samfunn utan lønnsarbeid, men vi er ikkje heilt der enno.

Sekstimarsdagen vart ikkje realitet under arbeidsløysa i mellomkrigstida, men den parolen kan raskt bli meir aktuell. Kor snart robotisering og effektivisering i våre dagar vil gjera store mengder arbeidsfolk arbeidslause, veit vi ikkje, men det kan vera lurt å tenkja tanken litt før det skjer.

Sekstimarsdagen vil også gi betre vilkår for dei som er opptatt av det til tider oppskrytte demokratiet. Organisering og demokrati tar tid. Dersom vi meiner at det er viktig at folk deltar, både i idrettslaget, foreldreutvalet, lokalpolitikken og kva som elles kan vera aktuelt, så trengst det fri tid.

 

Meir inkluderande arbeidsliv

Eg har vore skeptisk til IA-avtalen heilt si den dukka opp første gongen, men eg synest det vil vera ein god ide å arbeida for eit meir inkluderande arbeidsliv.

IA-avtalen har motstridande målsettingar – å redusera sjukefråveret, og å få fleire til å stå lenger i jobb. I den nyaste versjonen, som gjeld frå 1.1.2019, heiter det å redusere sjukefråværet (med ti prosent samanlikna med årsgjennomsnitt for 2018), og å redusera fråfallet frå arbeidslivet. Det siste gjeld i hovudsak langtidssjukmelde som etterkvart går over til uføretrygd eller tidlegpensjonering. Tidlegare delmål om å «øke sysselsettingen av personer med nedsatt funksjonsevne» er ikkje med lenger.

Altså gjeld IA-avtalen frå og med i år berre dei som alt har ein plass i arbeidslivet. Tar vi målsettingane på alvor, er det all grunn til å anbefala sekstimarsdagen som eit sentralt verkemiddel.

NTL har sagt det klart at dersom folk skal kunna stå lenger i jobb, vil sekstimarsdagen vera ei god hjelp.

Dette stemmer med erfaringane frå folk som har hatt høve til å prøva sekstimarsdagen. «Får vi jobba slik i ti år, kan vi bli gamle i denne jobben», sa ei av dei tilsette i den barnehagen på Namsos som hadde sekstimarsforsøk i 2009. Det same sa fleire av dei som var med på tilsvarande forsøk i eldreomsorg og reinhald på den tida. Men forsøka vart ikkje vidareførte, og somme av dei eldste valde afp så raskt dei kunne.

Min påstand er at også somme av dei som står heilt utanfor arbeidslivet fordi dei ikkje har hatt helse til lange arbeidsdagar, ville kunna jobba, og kanskje greia full jobb om det var sekstimarsdagen som gjaldt. – Men dei er altså ikkje interessante i den nyaste versjonen av IAavtalen, sjølv om det framleis heiter inkluderande arbeidsliv.

 

Vellykka forsøk med sekstimarsdag

For om lag ti år sia var ei rekke forsøk med sekstimarsdag i gang, og fleire av dei gjekk over til å bli varige ordningar. Om det var tilfeldig at fleirtalet av forsøka faktisk gjekk føre seg i Trøndelag, veit eg ikkje. Alle forsøk har det eintydige resultatet at det fungerte godt. Men eit viktig atterhald: dei tilsette, tillitsvalde, verneombod må vera aktivt med på planlegginga. Der er Tine eit strålande eksempel til å læra av. Tine på Heimdal er også den verksemda som har gjort sekstimarsdagen til ei varig ordning for alle tilsette, og som ikkje berre har halde opp produksjonen, men til og med har auka den etter at dei starta med sekstimarsdag.

Einaste måten å få eit forsøk med sekstimarsdag til å framstå som mislykka, er om det er sett som eit mål å få ned sjukefråværet i løpet av forsøket. Ebba Wergeland har i mange samanhengar forklart kor meiningslaust det er. Det blir korkje mindre influensa eller færre beinbrott om arbeidsdagen blir kortare. Men der det er målt, har folk gjerne rapportert om betre opplevt helse, som er noko anna enn talet på sjukmeldingsdagar. Det handlar om å kjenna seg friskare, sova betre, vera betre opplagt til både arbeid og andre ting ein har lyst til å gjera.

Korleis kan vi så komma vidare med eit krav som faktisk har djupe historiske røtter, men som det til no har verka så vanskeleg å realisera?

Det gjekk 30 år frå åttetimarsdagen vart definert som eit felles internasjonalt krav til den var gjennomført for det store fleirtalet i Noreg.

Så gjekk det nesten 70 år til før normalarbeidsdagen vart redusert med ein halvtime til 7,5 timar. Vel 30 år seinare er den framleis 7,5 timar. Ein kan bli pessimist av mindre. Men Gerd-Liv Valla, til no den einaste LO-leiaren som har snakka positivt og offensivt om sekstimarsdagen, har innført ei meir positiv tilnærming: Den første halvtimen fekk vi i 1987, no står det att tre halvtimar før sekstimarsdagen er i mål.

Det var tariffoppgjeret i 1986 som vart brukt for å redusera arbeidstida med ein halvtime. Dersom fagrørsla går inn for det, må det same kunne gjerast i kommande tariffoppgjer. Det vil seia at ein byttar pengar mot tid. Ikkje alle har råd til å redusera kronekravet. Eg tar for gitt at dei mekanismane som tidlegare har vore brukt til nytte for dei lågast lønte, framleis må brukast. Men eg vågar også å påstå at dei fleste har råd til å avstå noko av kronetillegget for å få litt meir fritid.

Avslutningsvis vil eg venda tilbake til der eg starta, aksjonane 2. mai 1918

Kan vi tenkja oss eit liknande opplegg fram til sekstimarsdagen er på plass: 2. mai går folk frå jobben etter seks timar, samling på torget med appellar om krava i det kommande tariffoppgjeret? Skal det fungera, krev det kollektiv handling. I 1986 var det to lokale fagforeiningar i Oslo som gjennomførte ein to timars politisk streik 8. mars, og gjekk frå jobben etter seks timar. Det skapte ingen verdsrevolusjon, men var ei tydeleg markering framfor tariffoppgjeret.

Kvifor har det tatt så lang tid å komma vidare etter 1986? På 1980-talet vart kravet om sekstimarsdagen for ein stor del framført som eit kvinnekrav – av den gode grunn at det var flest kvinnfolk som kjente på kroppen at åttetimarsdagen var for lang. Noko som førte til at mange kvinner meir eller mindre frivillig valde deltidsarbeid – med dei følgjer det har for lønn og pensjon. Dette har også arbeidsgivarane forstått å utnytta, slik at mange jobbar har blitt organiserte med umogelege deltidsbrøkar i kvinnerike yrke.

Eg trur også at det den gongen på 1980-talet fanst mektige menn i fagrørsla som tykte sekstimarsadagen var eit litt plagsamt krav, det utfordra machomannen som var van med å starta tidleg om morgonen, jobba og slita med lange arbeidsdagar, utan å vera nøydd til å ta omsyn til barn som skulle leverast eller hentast i barnehagen.

 

Minst to tankar i hovudet på ein gong

Vidare forkorting av normalarbeidsdagen til vi når sekstimarsdagen krev ei einheitleg og samla fagrørsle der både menn og kvinner prioriterer dette som eit svært viktig krav – ikkje berre noko ein tar opp når alle andre viktige saker er løyst.

Erfaringane frå 1918 seier tydeleg at det er arbeidsfolk på grasrota som må handla, leiinga i fagrørsla må pressast nedanfrå. LO sitt handlingsprogram i denne kongressperioden har eit avsnitt om arbeidstid, det skal utarbeidast ein plan for vidare forkorting av arbeidstida. Denne planen er det til no ikkje gjort noko med, halvvegs i perioden. Det har vore snakka mykje om heiltidskultur, både frå LO-leiinga og av ein del politikarar. Så lenge det ikkje blir kopla til sekstimarsdagen, blir dette ein streng moralsk peikefinger retta mot slitne kvinner som arbeider deltid.

Vi kjem ikkje unna at det ligg ei kjønnsmotseiing i haldninga til sekstimarsdagen i fagrørsla, det kjem mellom anna til uttrykk i at Fagforbundet, det absolutt største og mest kvinnerike forbundet i LO i lang tid har framført alle dei gode argumenta for sekstimarsdagen, medan leiinga i det mannsdominerte Fellesforbundet har vore konsekvent motstandar av sekstimarsdagen. Det er i seg sjølv eit større spørsmål eg ikkje rekk å gå grundig inn på her. Men nokre moment:

Tradisjonelt har mannen vore forsørgjaren. Det har eksistert nokre maskuline ideal om arbeidsmannen som startar tidleg om morgonen, jobbar hardt, kjem sliten heim, medan det som oftast var ei kvinne der som tok hand om hus og heim. Kvinner har for ein stor del tilpassa sitt lønnsarbeid, mange med deltid, slik at dei kunne ta ein vesentleg del av heimeansvaret.

Dette er i endring, men det ligg nokre haldningar der som framleis verkar – om ikkje så sterkt som før.

Da skiferarbeidarane på Minera på Oppdal starta med sekstimarsdag for om lag tolv år sia, hende dei at det kom kommentarar frå andre menn av typen «du skal vel berre ein snartur innom jobben, du?» Var det uttrykk for misunning el skepsis? Var det ein underliggjande tvil om ein skikkeleg arbeidskar kunne få gjort det han skulle på berre seks timar? Kanskje var det både skepsis og misunning frå ein som ikkje hadde sekstimarsdag.

No til dags er det i svært mange tilfelle eit like stort problem for menn som for kvinner at lange arbeidsdagar må samordnast med levering og henting i barnehage, skolefritids, fotballtreningar, korpsøvingar og alt det andre ungane skal ha tid til i tillegg til skolen.  For ikkje å snakka om at dei fleste foreldre ønsker å ha tid til uorganisert samvær med ungane.

Fedrar som har hatt pappaperm ønskjer å dela meir av kvardagane med ungane, også etter at permisjonen er over. Min draum er at desse fedrane skal samla seg og seia høgt i kor at dei treng sekstimarsdag, og at dei er villige til å prioritera kortare arbeidstid i tre kommande tariffoppgjer.

Eg blir optimist når eg les i nyaste Magasinet for fagorganiserte (www.frifagbevegelse.no) om tømraren Alexander som vil ha sekstimarsdag, og siterer litt frå intervjuet med han:

– Det må være det ultimate tegnet på likestilling at man kjemper for noe både menn og kvinner vinner på sammen, sier tømrer Hopland-Wøien, som håper å høre fra mange menn og småbarnsfedre framover.

– Ikke sitt og vent på at kvinner skal invitere oss inn i kampen for sekstimersdagen. La oss støtte opp om dem og bli med og løfte denne saken videre, oppfordrer han.

Lokførar Janne Lisesdatter Håkonsen sa fredag at det vi vil ha, det må vi ta. I 1918 var det mange som tok åttetimarsdagen til beste for dei fleste.

Når blir det mange nok som vil ta sekstimarsdagen? Skal vi venta til vi har vunne kampen mot EØS, for pensjon og likelønn, mot høgreliberalismen? Fagforeiningsfolk har god trening i å ha fleire tankar i hovudet på ein gong.

Sekstimarsdagen handlar om

  • ein dag å leva med gjennom heile yrkeslivet
  • å halda flest mogleg i arbeid når robotiseringa slår inn for alvor.
  • Denne kampen må førast på same tid om vi ikkje sluttar å føra andre viktige kampar.

Skal vi nå fram, trengst «all kraft som klassen eier».

 

 

Gratulerer, Arbeidarpartiet!

Først trykket i Dagsavisen

Vi er litt seint ute, det har alt gått nokre sommarveker sia Dagbladet fortalde at Arbeidarpartiet no skal sjå nærare på sekstimarsdagen, og at Arild Grande skal leia arbeidslivsutvalet. Vi håpar det finst tilgjeving for denne forseinkinga. Det kan vera seriøse grunnar til å gratulera, og vi prøver etter evne.

Dersom Arild Grande er rett sitert, skal det no vera første gongen Ap ser seriøst på sekstimarsdagen. Vi trur at dei Ap-kvinnene som diskuterte og foreslo sekstimarsdag på 1980-talet var like seriøse som han som no uttaler seg. Trengst det litt historisk oppdatering, overlet vi i hovudsak til Ap-kvinnene å ta seg av det. Men vi tillet oss likevel å nemna at eit utval oppnemnt av Arbeiderpartiets kvinnesekretariat midt på 1980-talet, med Grete Knudsen som leiar, kom fram til at «Kortere daglig normalarbeidstid – 6-timers dagen er et viktig mål. Dette vil gjøre det mulig å dele på lønnet og ulønnet arbeid.» Uvalet hadde i oppdrag å komma fram til eit program for «større rettferdighet mellom kvinners og menns mulighet til pensjon gjennom Folketrygden». Eitt av tiltaka dei gjekk inn for, var: «Arbeide for gradvis innføring av 6-timers dagen i løpet av 1980–1990-åra». (Kvinner og pensjon. Forslag til innstilling kvinner, pensjon og folketrygden. Mars 1986. Opptrykk juni 1986.)

Grande ser ut til å vera oppteken av at det er særleg i visse tunge kvinnerike yrke at sekstimarsdagen kan vera spesielt viktig. Det har han heilt rett i. Kvinner i helse- og omsorgssektoren er av dei som i størst monn har fått kjenna på kroppen at 8- el 7,5-timarsdagen er for lang, og somme har valt meir eller mindre «frivillig» deltid for å få livet til å henga i hop. Innafor desse yrka er det også gjort så mange vellykka forsøk med sekstimarsdag – blant heimehjelparar, reinhaldarar, i barnehage og på sjukeheim – at det skulle vera all grunn til å «køyra på» og gjera alvor av sekstimarsdagen for alle. Det trengst det ikkje mange fleire forsøk for å finna ut om sekstimarsdagen er bra for arbeidstakarar av ulike slag. Men sjølvsagt er det viktig å prøva ut korleis sekstimarsdagen best kan organiserast på ulike arbeidsplassar, særleg der ein har skift- eller turnusarbeid. I så måte er Tine på Heimdal, Trondheim, eit strålande eksempel på korleis godt samarbeid mellom leiing og tilsette/tillitsvalde kan gi ei god gjennomføring av sekstimarsdagen for alle. På Tine har dei no hatt sekstimarsdag som ei varig ordning i meir enn ti år.

Vi er spente på kva denne erkjenninga og erfaringa med kven som «treng sekstimarsdagen mest» skal få for konsekvensar i Ap sitt utvalsarbeid. Heldigvis har Grande sagt tydeleg at dei som skal ha sekstimarsdag, skal ha full lønnskompensasjon. Men likevel blir vi litt urolege når vi les at «Aps arbeidslivsutvalg mener partiet må vurdere å innføre seks timers arbeidsdag med full lønn i enkelte sektorer og yrker», slik det blir referert av Fagbladet.no.

Forsøk er gjort nettopp i ein del av dei yrka Grande nemner. Men når det kjem til å innføra sekstimarsdagen som ei varig ordning, kan det ikkje avgrensast på same vis. Vi håpar at Grande og utvalet hans er klar over at det er seks timars normalarbeidsdag – slik utvalet av Ap-kvinner sa i 1986 – som trengst om det skal bli ei ordning som tener alle arbeidstakarar. Det vil seia sekstimarsdag både i dei yrka som er spesielt tunge og krevjande og i alle andre yrke. Vi vil i utgangspunktet vera varsame med å skilja mellom «tunge og krevjande» yrke og «andre». Krava til arbeidstakarane aukar i alle yrke, somme stader er det dei tunge løfta, andre stader det psykiske presset, for ikkje å snakka om dei som opplever både fysisk og psykisk stress på ein gong.

Normalarbeidsdagen er eit grunnleggjande prinsipp for lengda på den arbeidsdagen som gir full lønn, og for når på døgnet det skal vera normalt å arbeida – uavhengig av yrke og bransje. Særordningar for skift- og turnusarbeid står ikkje i motsetnad til ein felles normalarbeidsdag. Tvert om, ein normalarbeidsdag gjer det mogleg å forhandla seg fram til unnatak som tener arbeidstakarane.

Til no har det sett ut som om ulike delar av fagrørsla har svært ulike ønske om lengda på arbeidsdagen. Det største og mest kvinnerike forbundet i LO, Fagforbundet, har gått lengst i å fremja mål om sekstimardag, medan eit anna forbund, med langt færre medlemmer, Fellesforbundet, har meint at dei ikkje vil ha ei slik arbeidstidsforkorting. No kan ein utanforståande undrast på at arbeidsfolk seier nei takk til kortare arbeidstid og meir fritid. Kampen for å redusera den delen av døgnet ein må selja arbeidskrafta si, har alltid vore ei grunnleggjande sak for fagrørsla. For 100 år sia, da åttetimarsdagen vart innført for store delar av arbeidstakarane, var det somme som med ein gong tenkte framover til nye arbeidstidsforkortingar.

Vi trur ei av dei store utfordringane i arbeidet for vidare arbeidstidsforkorting vil vera å finna ut kva som ligg i dette som kan sjå ut som ei kjønnsmotseiing i fagrørsla. Sjølv om det er flest kvinner som har kjent på kroppen at åttetimarsdagen er for lang, kvifor skulle ikkje mannfolka ha like stor glede av å forkorta arbeidsdagen, og få meir fri tid – anten dei vil bruka den til å ta omsorg for ungane, liggja på sofaen, spela fotball, driva med politikk eller gå på fisketur? Vi ønskjer Arbeidarpartiet sitt arbeidslivsutval lykke til, og håpar dei kan gjera sitt for å styrkja einskapen mellom kvinner og menn i fagrørsla. Eit krafttak for sekstimarsdagen vil vera ei strålande markering av 100-årsjubileet for åttetimarsdagen.

Skrevet av Manghild Folkvord

Da arbeidarane tok 8-timarsdagen

Først publisert i Klassekampen 30.04.2018

1918: Etter 30 års kamp for 8-timarsdagen var det mange som ikkje ville venta lenger.

Av Magnhild Folkvord

  1. mai 1918 vart ein svært spesiell arbeidsdag for svært mange arbeidarar i Noreg. På Thune Mekaniske verksted i Kristiania høyrdest ein gjennomtrengande lyd i verkstaden akkurat da åtte timars arbeid var unnagjort. Ein av arbeidarane hadde slått med ein hammar på eit slagblad. Det var signalet: I samla tropp forlet dei om lag 500 arbeidarane arbeidsplassen, dei tok åttetimarsdagen, og frå og med den dagen var åttetimarsdagen innført på denne arbeidsplassen.

Frå Glomfjord i Nordland fekk avisa Ny Tid, den gongen ei radikal arbeidaravis i Trondheim, denne rapporten: «Arbeiderne lystret ikke længer arbeidsgivernes ordrer men arbeidet bare 8 timer. Fabrikfløytens monotone lyd hørtes bare paa samme tid som før, men blev fuldstændig ignorert av arbeiderne. De bestemte selv naar arbeidet skulde begynde og hvorledes arbeidsdagen skulde inddeles.» (Ny Tid 10.5.1918.) Korrespondenten i Glomfjord la til at bedrifta ikkje hadde gjort noko vesentleg «for at motsætte sig arbeidernes vilje».

Ulike stader i landet – i Trondheim, Meråker, Hommelvik, Eydehavn, Tønsberg, Skien, Larvik, Elverum, Brevik, Notodden, Rjukan, Odda, Glomfjord og enda fleire stader følgde arbeidarane oppmodinga frå arbeidarråda sin landskonferanse i mars: «Er ikkje 8-timarsdagen innført innan 1. mai, tar vi den sjølve 2. mai!»

Arbeidarråd

Arbeidarane på Thune Mekaniske verksted hadde danna det første arbeidarrådet i landet tidleg på vinteren 1918, og agitasjon for åttetimarsdagen hadde gått føre seg i lang tid. Leiarane i Norsk Jern- og Metalarbeiderforbund hadde prøvd på fleire vis å få Thune-arbeidarane til ikkje å gå til aksjon 2. mai, men utan å lykkast.

Også arbeidarane på Notodden og Rjukan var tidleg ute med å danna arbeidarråd. I januar 1918 vedtok eit godt besøkt møte arrangert av Notodden faglige samorganisasjon å senda ei oppmoding til bedriftene på staden om å innføra «8 timers normal arbeidstid» – på grunn av den strenge matrasjoneringa.

Rekordstore 1.maitog

1.mai 1918 gjekk kvinner og menn over heile landet i rekordstore 1.mai-tog. Heilt sia den internasjonale faglege konferansen i Paris i 1889, der delegatar frå 21 land vedtok åtte timars normalarbeidsdag som eit felles krav og 1. mai som den felles internasjonale kampdagen, hadde folk gått i 1.mai-tog med paroler om åtte timars normalarbeidsdag.

Somme stader hadde arbeidarar etterkvart oppnådd mykje på sine område. Akers mekaniske verksted i Kristiania hadde innført 8-timarsdagen, og til og med notert «en besparelse paa 7000 kroner i løpet av 1 aar». (Bratsberg-Demokraten 19.4.1918.) Papirindustrien og elektrotekniske verksemder hadde 8-timarsdag. Nesten alle kommunale arbeidarar, mange statlege og somme andre arbeidargrupper hadde 8-timersdag. Formannskapet i Kristiania, hadde – mot Høgre sine stemmer – vedtatt 8-timarsdag for arbeidarar i kommunale verksemder i 1917. Men framleis var ikkje 8-timarsdagen på plass i lovverk og landsomfattande tariffavtalar for industriarbeidarane. Tolmodet heldt på å ta slutt.

Einige om målet

Arbeidarpartiet hadde 8-timarsdagen som ein viktig programpost til stortingsvalet hausten 1918, Arbeidernes faglige landssammenslutning (AFL, seinare LO) oppmoda til å senda resolusjonar frå 1.mai-markeringane til regjeringa, for å støtta opp om det kravet om ei mellombels lov om 8-timarsdag for alle industriarbeidarar, som alt hadde gått frå AFL-sekretariatet.

Det var inga usemje i den faglege og politiske arbeidarrørsla om målet – 8-timarsdagen var eit legitimt krav som burde vore oppfylt for lenge sia. Til dømes skreiv arbeidarpartiavisa Folkets Frihet i Kirkenes 30.april 1918: «Kravet om 8-timersdagen er det mest socialistiske reformkrav, som er reist av arbeiderbevægelsen. Kravets gjennemførelse betyr nemlig en virkelig effektiv indskrænkning av utbytningen, samtidig som normalarbeidsdagen vil bidra mægtig til at forskjønne arbeidernes tilværelse og høine klassens kulturelle nivaa. Hvilket igjen betyr, at trangen hos arbeiderne til fuld økonomisk frigjørelse blir styrket.»

Til og med statsministeren, Gunnar Knudsen, Venstre, hadde i eit avisintervju uttalt at han hadde stor sympati for om 8-timarsdagen, han hadde innført den «i sitt eget landbruk». Men han hadde det ikkje hatt det travelt med å lovfesta 8-timarsdagen for arbeidarane.

Kamp om metoden

Men om det var semje om målet, var usemja om korleis ein skulle nå fram for å få gjennomført 8-timarsdagen dess større. 1. mai heldt både Martin Tramæl, som representerte dei revolusjonære kreftene i Arbeidarpartiet, og Ole O. Lian, AFL-leiar og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, tale i Kristiania. Tranmæl uttrykte stor sympati for dei som ville ta 8-timarsdagen neste dag. Lian oppmoda til å gå forhandlingsvegen.

Arbeidarrådsrørsla, som ikkje var styrt av noko fagforeiningsbyråkrati, var inspirert av revolusjonen i Sovjet året før, og mange arbeidarar hadde meir tru på å ta 8-timarsdagen sjølve enn på parlamentariske forhandlingar. «Lat den 2. mai vise os en arbeiderklasse der staar samlet som en mand. En klasse, som kjender solidaritetens bud og følger budet naar pligten kalder. … Lat 1. mai iaar bli den sidste stormarsj mot den gamle skanse,» skreiv Sigurd Simensen, formann i landssamanslutninga av arbeidarråda i ein appell som gjekk ut etter landskonferansen i mars. (Vestfinmark Socialdemokrat 22.4.1918.)

Dyrtid og matmangel

I tillegg til dei langsiktige frigjeringsperspektiva, vart den heilt spesielle situasjonen med dyrtid og matmangel som følgde etter nesten fire års krig i Europa, eit mykje brukt argument for å korta ned arbeidstida.

I april starta rasjoneringa av potet i fleire byar, kvar familie kunne få kjøpt eitt kg potet per familiemedlem kvar veke. (Bratsberg-Demokraten 13.4.1918.) I slutten av april kunngjorde Tinn provianteringsraad at det var forbode «at sælge, bortbytte eller paa anden maate avhende kaalrabi, uten mot kort eller anvisning fra Rationeringskontoret. (Bratsberg-Demokraten 27.4.1918.) Etterkvart vart det spørsmål om poenget med potetrasjoneringa når det ikkje var meir potet å rasjonera. Både mjølkerasjonar og brødrasjonar var så knappe at mange arbeidarfamilier var på sveltegrensa.

«Ulovlege og tariffstridige»

I løpet av april vart det halde mange møte der arbeidarane diskuterte korleis dei skulle forholda seg til oppmodinga om direkte aksjon 2. mai. Til dømes i Porsgrunn inviterte arbeidarrådet til møte 22. april med foredrag om arbeidarrådsrørsla og den planlagde aksjonen 2. mai. Det vart bestemt å halda eit massemøte for å «oppstikke linjerne for det fremtidige arbeide», og å skriva til alle bedriftsleiarane og forhøyra seg om deira syn på 8-timarsdagen. (Bratsberg-Demokraten 22.4.1918.)  I Brevik vart ordninga av den nye arbeidsdagen diskutert på eit massemøte. Arbeidsgivarane ville bli oppmoda til å innføra 8-timarsdagen, og kom det ikkje «imøtekommende svar», ville arbeidarane sjølve ta 8-timarsdagen frå og med 2. mai. Forslaget vart einstemmig vedtatt.

Arbeidsgivarforeininga sende i slutten av april ut si erklæring om at dei ville oppfatta alle aksjonar som både ulovlege og tariffstridige, dei meinte det var fagforbunda si plikt «at bruke alle midler» for å forhindra ein tariffstridig aksjon.

AFL-leiinga valde same haldning til direkte aksjonar – det var ulovlege aksjonar.

Dette hindra ikkje at arbeidarane ein del stader vart einige med arbeidsgivarane om 8-timarsdag både før og etter 1. mai. Til dømes kunne kunne Bratsberg-Demokraten 25. april melda at Skiens verksteder etter oppmoding frå arbeidarane hadde innført 8-timersdagen, «foreløpig nærmest som en prøve». Timelønna var på same tid auka med 10 prosent. Avisa Nidaros i Trondheim innførte 8-timarsdag i trykkeriet 30. april, og dei som ikkje alt hadde 8-timarsdag i Adresseavisen, fekk det også. Også ved Vikans boktrykkeri i Trondheim var 8-timarskravet gjennomført. I Harstad innførte alle trykkeria 8 timars arbeidsdag for sine tilsette.

Stengde portar  

I Tønsberg møtte arbeidarane ved Kalnes mekaniske verksted til arbeid ein time seinare enn vanleg. Da fekk dei ikkje komma inn. Derfor toga dei til Folkes Hus der dei vedtok å ta opp kampen.

På Rjukan hadde arbeidarane på to godt besøkte møte bestemt å innføra åttetimarsdagen. Det var berre eitt problem: Norsk Hydro nekta å forhandla. Arbeidarane var samde om at dersom ikkje bedrifta ville betala overtidsprosentar for arbeid utover åtte timar, ville all overtid bli nekta. «Over hele Rjukan er 8-timersdagen nu en kjensgjerning,» skreiv Social-Demokraten 7. mai.

Ved Trosvik mek. verksted og skibsbyggeri ved Brevik, ved Bamble apatitgruber og ved Ødegaardens verk var åttetimarsdagen innført. Ved «Sørlandets Elektriske», Skien, gjekk arbeidet som vanleg, men forhandlingar om innføring av åttetimarsdagen var i gang.

Ved Langesund mekaniske verksted kom arbeidarane klokka åtte om morgonen 2. mai og fann porten stengd. Bedriftsleiaren hadde på førehand sagt nei til forhandlingar om åttetimarsdag, noko han måtte gi etter for. Han oppmoda arbeidarane til å arbeida vanleg tid medan dei forhandla. Arbeidarane heldt møte og bestemte at dei heldt fast på kravet om åttetimars-dagen, men dei var villige til å forhandla om lønna. Bedriftsleiinga bestemte å innvilga åttetimarsdag med full lønn, så sant arbeidsgivarforeininga gjekk med på det. Saka skulle gå vidare til forhandlingar mellom Norsk Arbeidsmandsforbud og Norsk Arbeidsgiverforening.

Direkte aksjon

I Tyssedal og Skjæggedal kravde arbeidarane åttetimarsdag. I Tyssedal valde dei ein komite som skulle forhandla med leiinga, men komiteen fekk sparken. Da bestemte arbeidarane å gå til streik for å få bedrifta til å ta inn att dei som var sparka. I Skjæggedal søkte arbeidarane om å få åttetimarsdag, men fekk blankt avslag. Da kalte dei saman til massemøte, og bestemte å ta åttetimarsdagen 2. mai. Dei sende melding til fabrikkontoret, men da dei kom på jobb til den tida dei hadde bestemt, vart den elektriske straumen slått av, og arbeidarane måtte gå heim.

I Odda vart åttetimarsdagen innført ved direkte aksjon, alle dagarbeidarane ved cyanid- og karbidfabrikkane, om lag 600 mann, gjekk frå jobben da åtte timar var gått.

Lockout i Trondheim

I Trondheim stod arbeidarrådsrørsla sterkt, og mykje var gjort i god tid før 1. mai. Arbeidarrådet sende oppmodinga om å gjennomføra 8-timarsdagen seinast innan 1.mai til alle verksemder i byen, og foreslo at den nye arbeidsdagen kunne sjå slik ut: Arbeidstid kl 8-18 dei fem første dagane i veka, middagspause kl 12.00–13.30. Laurdag arbeidstid kl 7–13, med ein halv time frukost. Ingen av bedriftene svarte på dette. 30. april kom ein deputasjon av arbeidarar til møte med sjefane for dei største bedriftene, og gjorde det klart at åttetimarsdagen kom til å bli innført frå og med 2. mai, med den tidsinndelinga som arbeidarrådet hadde foreslått. Arbeidsgivarane svarte at dei ville ikkje respektera anna arbeidstid enn den som var «tarifmæssig fastslaat». Ved dei mekaniske verkstadene i byen var det i halvsjutida om morgonen 2. mai møtt fram ein større styrke av både uniformerte og sivile politifolk, «antagelig for å beskytte de som vilde bryte beslutningen om gjennemførelse av 8-timerskravet og begynde arbeidet etter den gamle arbeidstid» (Ny Tid 2.5.1918.)

Det vart ikkje mykje å gjera for politifolka, berre nokre få arbeidarar møtte fram, i hovudsak unge gutar som var bundne ved lærekontrakt, og nokre få gamle arbeidarar ved Trondhjems mek. verksted. Ved Ørens mek. verksted møtte ingen opp til den gamle arbeidstida. Men da arbeidarane kom klokka 8, slik dei sjølve hadde bestemt, møtte dei ein stengd port med ein plakat som sa «Porten er som vanlig stængt fra arbeidstidens begyndelse og aapnes først frokosttiden». Arbeidarane gjekk heim, og i frukosten var det også nokre av dei som hadde komme tidlegare som gjekk heim.

Dermed var det full stans, ikkje berre på Trondhjems mek. Verksted, men også på andre jernindustriverksemder som var tilslutta arbeidsgivarforeininga. Slik var det også på hermetikkfabrikkane og bryggeriet.

Streik mot lockout?

Om kvelden 3. mai møtte om lag 3000 arbeidarar på gardsplassen utanfor Folkets hus for å avgjera korleis aksjonen skulle gå vidare. Lockouten i jernindustrien kunne ikkje godtakast. Massemøtet vedtok mot 9 røyster å gi arbeidarrådet fullmakt til å «proklamere fuld arbeidsstans i samtlige private og offentlige bedrifter fra og med mandag 6. ds kl 6 fm.» og til å avgjera kor lenge arbeidsstans skulle vara.

Dermed var situasjonen, med utsikt til omfattande streik i både privat og offentleg sektor, så alvorleg at borgarmeisteren i Trondheim, Hans Jørgen Bauck, såg seg nøydd til å gripa inn. 4. mai vende han seg til arbeidarrådet med eit brev der han oppmoda til å prøva forhandlingar. Bauck formulerte seg i vennlege ordelag, han tok det ikkje for gitt at dette var mogeleg, men prøvde – «af samfundsmæssige hensyn», og han tilbaud sjølv å ta kontakt med både landsorganisasjonen og arbeidsgivarforeininga. På same tid oppmoda han arbeidarrådet til å hindra den arbeidsstansen som var varsla.

Arbeidarrådet kom fram til at dei ville godta framlegget om forhandlingar og utsetja den varsla streiken – på visse vilkår: dei organiserte arbeidarane i byen måtte vera representerte ved eventuelle forhandlingar, og dei arbeidsrettssakene som alt var varsla, måtte innstillast.

Dette framlegget vart presentert for eit massemøte av organiserte arbeidarar, om lag 3000 var til stades. Etter ein skarp debatt vart framlegget frå arbeidarrådet vedtatt – «mot en ganske sterk minoritet». (Ny Tid 6.5.1918.) Forhandlingsmøte vart halde 13. juni – utan resultat.

Lokale sigrar

Medan somme arbeidsgivarar prøvde å stengja ute arbeidarar som hadde aksjonert 2. mai, var det andre som gjekk med på å innføra 8-timarsdagen, slik som ved smelteverket i Sannesund ved Sarpsborg, der fekk dei 150 arbeidarane gjennomført 8-timarsdagen med eit tillegg på 10 prosent i timelønna, og dei som arbeidde i kontinuerlege skift fekk eit tillegg på 20 prosent. Dessutan fekk dei avtalt heil fridag 1. mai med full lønn, og 100 prosent tillegg for dei som måtte arbeida. Ved Dalen Portland cementfabrik vart det semje om 48 timars veke, mot tidlegare 56 timar.

Lovendringar

Langt frå alle dei arbeidarane som deltok i aksjonen 2. mai fekk noko resultat med ein gong, men omsider kom styremaktene i gang med å førebu lovendringar. I første omgang kom ei mellombels lov om 8-timarsdag i august 1918, året etter vart endringa gjort permanent. Men sia dette var endringar i fabrikktilsynslova, gjaldt det berre handerks- og industriverksemder med minst fem tilsette. Bygningsarbeidarar, tømrarar, murarar, losse- og lastearbeidarar, mange av dei som hadde det tyngste arbeidet, var ikkje omfatta av denne lova. Våren 1919 tok AFL opp kravet om åttetimarsdag ved forhandlingar om alle nye tariffar.

Det er ulike meiningar om kor viktige aksjonane i 1918 var for den vidare gjennomføringa av 8-timarsdagen. Historikaren Edvard Bull har sagt det slik: «Arbeiderrådsbevegelsen hadde vist at kravet var så brennende i arbeiderklassen at en måtte regne med fortsatte aksjoner hvis det ikke ble oppfylt. Arbeidsgiverne våget ikke lenger å stritte imot, og åttetimersdagen ble tariffestet. 1. juni 1919 ble den lovfestet. Dermed hadde den norske arbeiderbevegelsen vunnet en av sine aller største seire.» (Edvard Bull: Arbeiderklassen i norsk historie, s.262.)

Bilettekst:REKORD: I Glomfjord gjekk 450 kvinner og menn i 1.mai-toget i 1918.  Foto: Hans Nikolai M. Skaugvold/Nordlandsmuseet

 

 

 

 

 

 

2. mai 1918: Da arbeiderne tok åttetimersdagen

Av Harald Bertsen, i Bygningsarbeideren

I juli 1889 kom fire hundre delegater fra arbeiderbevegelsen i 21 land, sammen i Paris. Møtet blei i praksis stiftelseskongressen for den 2. Internasjonalen, som tok over for den alt oppløste, første internasjonale arbeiderassosiasjonen fra 1864, der Karl Marx hadde vært aktivt medlem.  Fra Norge møtte dansk børstebinder, redaktør av hovedorganet til det to år gamle Arbeiderpartiet og partiets blivende formann, Carl Jeppesen. Den 20. juli vedtok kongressen at 1. mai året etter, i 1890, skulle det arrangeres en manifestasjon i alle land for kravet om innføring av åtte timers normalarbeidsdag. Det var et vedtak som avspeilte kjernen i all arbeiderklassesolidaritet, nasjonalt som internasjonalt: behovet for å fremme like krav for arbeiderne over alle skiller og grenser, for dermed å fjerne grunnlaget for kapitalistklassen til å splitte og herske over dem. Uten at det var meninga, betydde vedtaket også innstiftelsen av 1. mai som  arbeiderklassens kamp- og demonstrasjonsdag over hele verden. Fra og med 1890 markerte arbeiderne dagen i flere og flere land, i flere tiår med  hovedkravet om innføring av åttetimersdagen ved lov. Men først i kjølvannet av oktoberrevolusjonen i Russland i 1917, fikk dette kravet for alvor vind i seila.

For arbeidere over hele verden blei oktoberrevolusjonen og dens slagord om fred, brød og all makt til sovjetene (arbeiderråda) et eksempel å følge. I
Norge bidro den til at venstrefløyen i Arbeiderpartiet vant flertallet på partiets landsmøte i påsken 1918 og meldte det inn i den nye kommunistiske internasjonalen. Med sete i Moskva skulle denne
3. internasjonalen ta over ledelsen av verdensrevolusjonen etter at den sosialdemokratiske 2. internasjonalen hadde spilt fallitt ved ikke å hindre utbruddet av første verdenskrig i 1914.

Etter mønster av de russiske arbeider- og soldatråda, som med sovjetet i hovedstaden Petrograd i spissen hadde utgjort massegrunnlaget for oktoberrevolusjonen og var kjernen i den nye rådsforfatninga, danna arbeiderne rundt i verden en arbeider- og soldatrådsbevegelse som basis for opprør og nye sosialistiske rådsrepublikker.

I Norge nøyde råda seg, av ulike grunner, stort sett med å ta seg av nære lokale oppgaver som å bøte på varemangelen og dyrtida under verdenskrigen. Men særlig ett framstøt gikk lenger og satte et varig og viktig spor etter seg. Det var oppfordringa som ledelsen i rådsbevegelsen i april 1918, på samme tid som venstrefløyen vant flertallet i
Arbeiderpartiet, ga til landets arbeidere om endelig, ved sjøltekt, å innføre åttetimersdagen ved fra og med 2. mai 1918, å forlate arbeidsplassene etter åtte timer.

Oppfordringa blei tatt til følge mange steder, blant andre på Hydros nye store salpeterfabrikk på Rjukan. Rjukan-arbeiderne måtte riktig nok gjøre retrett ikke lenge etter, men alt i 1919 gikk de til én måneds streik for igjen å oppnå åtte timers arbeidsdag.

Et anna eksempel ga arbeiderne ved de to nye storbedriftene på Eydehavn ved Arendal, Nitriden og Arendal Smelteverk. På forhånd blei de enige om å følge parolen og møtes etter åtte timer. Som sagt, så gjort – på Nitriden. Men smelteverksarbeiderne dukka ikke opp, og da Nitridenfolka
marsjerte videre til nabobedriften for å få de de vaklevorne kameratene med seg, blei de stansa i porten av verksmester Kaaten som med skarpladd revolver trua dem til å forlate stedet.

Ikke bare på Eydehavn blei det brukt våpenmakt for å stanse arbeidere som var inspirert av oktoberrevolusjonen til sjøl å ta seg til rette. I Tyskland slo alliansen av den gamle hærledelsen og den nye sosialdemokratiske regjeringa ned spartakistopprøret og var ansvarlig for drapa på de to lederne, Rosa Luxemburg og Karl Liebknecht. Men kapitalismens makthavere bruke ikke bare pisk for å stanse den revolusjonere bølgen,
de bydde også på gulrot som ikke rørte ved de grunnleggende maktforholda. I Norge forberedte Gunnar Knudsens Venstre-regjering seg i 1918 på å møte en oppstand med å gi den militære ledelsen i oppdrag å bygge opp en hemmelig hær av pålitelige soldater. På den andre sida fant statsminister
Knudsen det nødvendig, i 1919, endelig å få Stortinget med på å innføre åttetimersdagen ved lov, for dermed å overbevise arbeiderne om at det ikke var nødvendig å gå til angrep på sjølve samfunnssystemet for å få oppfylt elementære interesser.

Norge og Knudsen var ikke aleine. Over nesten hele Europa blei åttetimersdagen innført ved lov samme år, påskynda og motivert på samme
grunnlag som Gunnar Knudsen, av The International Labour Organization, ILO, den internasjonale klassesamarbeidsorganisasjonen som blei oppretta som underavdeling av seiersmaktenes nye Folkeforbundet, og som etter 1945 har fortsatt i FNs regi.

Arbeiderne over hele verden kunne altså takke oktoberrevolusjonen og den inspirasjonen den ga, for en av de viktigste sosialreformene i det 20.århundret, og de kan stadig oppsummere at den såkalte velferdsstaten vesentlig er et produkt av styrkeforholdet mellom hovedklassene i det moderne kapitalistiske samfunnet. Altså av loven om at når arbeiderne er pågående og viser styrke, blir velferdsstaten bygd opp med innrømmelser
fra makthaverne i form av sosialreformer som ikke rokker ved makta, mens når de blir svekka og står med lua i handa, blir velferdsstaten bygd ned.

I dag blir gyldigheten av denne loven bekrefta på motsatt måte av i 1919: Med en arbeiderbevegelse som i høy grad har latt seg tvinge i kne, er det
kapitalistene og deres politiske talerør som er på offensiven for ikke minst å forlenge arbeidsdagen og vinne all makt over arbeidstida.

Arbeiderne lystret ikke længer

Skrevet av Magnhild Folkvord

I april 1918 gjekk det ut ein ordre til arbeidarråda rundt omkring i landet:

«Er ikkje åttetimarsdagen innført innan 1. mai, må arbeidarane ta den sjølve!»

Magnhild Folkvord er tidlegare journalist i Klassekampen, arbeider no med ein biografi om Betzy Kjelsberg, den første kvinnelege fabrikkinspektøren i Noreg.

Den 2.mai blev ogsaa en merkedag. Arbeiderne lystret ikke længer arbeidsgivernes ordrer men arbeidet bare 8 timer. Fabrikfløytens monotone lyde hørtes bare paa samme tid som før, men blev fuldstendig ignorert av arbeiderne. De bestemte selv naar arbeidet skulde begynde og hvorledes arbeidsdagen skulde inddeles. Bedriften her har ikke gjort noget nævneværdig for at motsætte sig arbeidernes vilje.

Slik starta rapporten frå Glomfjord i avisa Ny Tid 10. mai 1918. Ny Tid var den gongen ei radikal arbeidaravis som kom ut i Trondheim.

Fleire tusen arbeidarar nekta å lystra arbeidsgivarane sine ordrar på denne tida. Ein del stader hadde arbeidarråda i god tid varsla bedriftene om at dersom ikkje åttetimarsdagen var innført innan 1. mai, ville arbeidarane sjølve innskrenka arbeidstida frå og med 2. mai.

Arbeidarane på Thune Mekaniske verksted i Kristiania hadde danna det første arbeidarrådet i landet tidleg på vinteren 1918, og agitasjon for åttetimarsdagen hadde gått føre seg i lang tid. Leiarane i Norsk Jern- og Metalarbeiderforbund hadde prøvd på fleire vis å få Thune-arbeidarane til ikkje å gå til aksjon 2. mai, men utan å lykkast. 2. mai starta dei arbeidsdagen på Thune til vanleg tid. Da dei hadde arbeidd i åtte timar, tok ein av arbeidarane eit stort sagblad, og med nokre kraftige hammarslag på det, gjekk signalet gjennom heile verkstaden om at arbeidsdagen var over. Etter det hadde Thune-arbeidarane åttetimarsdag1.

I Trondheim foreslo arbeidarrådet at den nye arbeidsdagen kunne sjå slik ut: Arbeidstid kl 8-18 dei fem første dagane i veka, middagspause kl 12.00–13.30. Laurdag arbeidstid kl 7–13, med ein halv time frukost. Ingen av bedriftene svarte på dette. 30. april kom ein deputasjon av arbeidarar til møte med sjefane for dei største bedriftene, og gjorde det klart at åttetimarsdagen kom til å bli innført frå og med 2. mai, med den tidsinndelinga som arbeidarrådet hadde foreslått.

Svaret frå bedriftsleiarane i Trondheim var at dei respekterte ikkje anna arbeidstid enn den som var fastsett i tariffavtalane. Portane ville bli opna til vanleg tid.

Kom til stengde portar

I Trondheim hadde 4000 arbeidarar vore med i sosialistane sin store demonstrasjon for 8-timarsdagen 1. mai. Med seks musikkorps, 55 fagforeiningsfanar og to agitatoriske fanar: «Til kamp for 8 timers arbeidsdag» og «Ned med folkets svøpe, militarismen» hadde dei marsjert gjennom byen.2

Neste dag var det tid for å setja i verk åttetimarsdagen. 2. mai var dei fleste fabrikkportane som hadde blitt opna «til vanleg tid», stengde da arbeidarane kom på jobb klokka 8.00, og dei måtte berre gå heim att. Slik var det ved Trondhjems mekaniske verksted, ved Ørens mekaniske verksted, Nordre verft, Isidor Nilsen, Baltic & Eriksen, spikerfabrikken og dei små verkstadene som var tilslutta arbeidsgivarforeininga. Alle hermetikkfabrikkane var også stengde da arbeidarane kom klokka 8, det same ved aktiebryggeriet.

Men det var ikkje slik alle stader. Baklandets mek. Verksted hadde opne portar klokka 8, og på skofabrikkane, dampvaskeriet og i bygningsindustrien vart det arbeidd 8 timar. Det same gjaldt bakeria i byen.

Avisa Nidaros innførte åttetimarsdag på trykkeriet 30. april, og dei som ikkje alt hadde åttetimardag i Trondhjems Adresseavis, fekk same ordninga, likeeins Vikans boktrykkeri. «Og vi har al grund til at tro, at samtlige byens trykkerier vil ordne sig paa samme maate,» skreiv Ny Tid 3. mai. Ei rekkje handelsmenn som sysselset lager-arbeidarar og køyrarar, hadde også ordna seg med åttetimarsdag, og fleire hadde sagt dei ville gjera det.

Eit massemøte av 2000 organiserte arbeidarar vedtok samrøystes å leggja den vidare aksjonen i arbeidarrådet sine hender. Så langt var dette ein aksjon som vart sett i verk uavhengig av Arbeidernes Faglige Landsorganisasjon (AFL, seinare LO). Massemøtet oppmoda AFL til å støtta aksjonen.

På Elverum hadde arbeidarane ved Otto Herambs støperi og mek. verksted bestemt seg for å innføra åttetimarsdagen. Dei kom også til stengde portar 2. mai, så ikkje noko arbeid vart gjort den dagen. Men dei fekk forhandlingar med arbeidsgivaren, og vart einige om at arbeidet skulle starta klokka 7.30 og slutta klokka 16.30, med frukostpause klokka 8.30–9.00, og middag klokka 13–14. Dei tok oppatt arbeidet 3. mai. På Jømna Brug, den gongen eit sagbruk, slutta arbeidsdagen frå og med 2. mai klokka fem i stadenfor klokka seks «hvorom bruket paa forhaand var underrettet»3.

I Harstad vart åttetimarsdagen på alle trykkeria i byen innført for alle tilsette frå og med 2. mai4.

Mange aksjonar

I Tønsberg følgde arbeidarane ved Kalnes mekaniske verksted oppmodinga om å gjennomføra åttetimarsdagen, og møtte på arbeid ein time seinare enn vanleg. Da fekk dei ikkje komma inn. Derfor toga dei til Folkes Hus der dei vedtok å ta opp kampen.

På Rjukan hadde arbeidarane på to godt besøkte møte bestemt å innføra åttetimarsdagen. Det var berre eitt problem: Norsk Hydro nekta å forhandla. Arbeidarane var samde om at dersom ikkje bedrifta ville betala overtidsprosentar for arbeid utover åtte timar, ville all overtid bli nekta. «Over hele Rjukan er 8-timersdagen nu en kjensgjerning,» skreiv Social-Demokraten 7. mai. Eit massemøte av 500 organiserte arbeidarar 4. mai vedtok å overlata den vidare aksjonen til arbeidarrådet. Det same møtet vedtok å krevja at AFL-sekretariatet greip inn straks overfor tilfelle av lockout i Trondheim eller andre stader, og at dei tvinga regjering og storting til straks å vedta ein lov om åtte timars arbeidsdag.

I Telemark var det kraftige aksjonar fleire stader. Ved Trosvik mek. verksted og skibsbyggeri ved Brevik, ved Bamble apatitgruber og ved Ødegaardens verk var åttetimarsdagen innført5. Ved «Sørlandets Elektriske», Skien, gjekk arbeidet som vanleg, men forhandlingar om innføring av åttetimarsdagen var i gang.

Ved Langesund mekaniske verksted kom arbeidarane klokka åtte om morgonen 2. mai og fann porten stengd. Bedriftsleiaren hadde på førehand sagt nei til forhandlingar om åttetimarsdag, noko han måtte gi etter for. Han oppmoda arbeidarane til å arbeida vanleg tid medan dei forhandla. Arbeidarane heldt møte og bestemte at dei heldt fast på kravet om åttetimars-dagen, men at dei var villige til å forhandla om lønna. Bedriftsleiinga bestemte å innvilga åttetimarsdag med full lønn, så sant arbeidsgivarforeininga gjekk med på det. Saka skulle gå vidare til forhandlingar mellom Norsk Arbeidsmandsforbud og Norsk Arbeidsgiverforening.

Ved Aamdal koppargruver i Vest-Telemark stilte arbeidarane krav om åtte timars arbeidsdag og ei timelønn på kr 1,50. Timelønna varierte frå før mellom kr 0,83 og ei krone.

Ved Union spritfabrikk i Skien fekk dei til ei mellombels ordning med 48 timars arbeidsveke, men utan forandring i timelønna. Lønnskrav skulle bli behandla av organisasjonane. Kanskje betra det stemninga litt at bedrifta sørga for at arbeidarane fekk eit måltid mat «til en større reduktion i prisen»?

Direktøren på AS Dalen-Portland cementfabrik ved Brevik nekta å forhandla om åttetimarsdag. Som svar la arbeidarane ned arbeidet kl 11.30 2. mai. Dei heldt seinare eit møte der dei bestemte «at fastholde sit krav og lægge den videre aktion i det lokale arbeiderraads hænder. Over 200 mand staar som en bak kravet.»6 Ved Skiensfjordens skofabrik hadde 130 menn og 80 kvinner sagt opp plassane sine med 14 dagars varsel i protest mot at bedrifta stengde dørene etter middagspausen.

Ved A/S Norsk Impregneringskompani, Larvik, vart det også konflikt. Arbeidarane kravde åtte timars arbeidsdag og eit tillegg på 45 øre per time. Tilbodet frå arbeids-givaren var 51 timars arbeidsveke og eit prosenttillegg som på det meste ville bli kr 1,68 i veka. Dette gjekk arbeidarane ikkje med på, og dei la ned arbeidet. Denne aksjonen vart gjennomført med samtykke frå Arbeidsmandsforbundet7.

I Østfold var det ulike haldningar til kampen for åttetimarsdagen. I Fredrikstad valde arbeidarane å ikkje gå til aksjonar, men ved smelteverket i Sannesund, Sarpborg, fekk dei 150 arbeidarane gjennomført åtte timars arbeidsdag med same daglønn som før, pluss ti prosent tillegg. Dei som arbeidde i dei heilkontinuerlege avdelingane, fekk eit tillegg på 20 prosent. Dessutan fekk dei avtale om 1. mai som heil fridag, og 100 prosent tillegg for dei som måtte arbeida den dagen.

I Tyssedal og Skjæggedal kravde arbeidarane åttetimarsdag. I Tyssedal valde dei ein komite som skulle forhandla med leiinga, men komiteen fekk sparken. Da bestemte arbeidarane å gå til streik for å få bedrifta til å ta inn att dei som var sparka. I Skjæggedal søkte arbeidarane om å få åttetimarsdag, men fekk blankt avslag. Da kalte dei saman til massemøte, og bestemte å ta åttetimarsdagen 2. mai. Dei sende melding til fabrikkontoret, men da dei kom på jobb til den tida dei hadde bestemt, vart den elektriske straumen slått av, og arbeidarane måtte gå heim.

I Odda vart åttetimarsdagen innført ved direkte aksjon, alle dagarbeidarane ved cyanid- og karbidfabrikkane, om lag 600 mann, gjekk frå jobben da åtte timar var gått. Om kvelden var dei samla til møte i Folkets Hus.8

Nytt massemøte i Trondheim

Arbeidarrådet i Trondheim inviterte alle organiserte arbeidarar til nytt massemøte på gårdsplassen ved Folkets hus 3. mai. 3000 møtte fram. Mot ni stemmer gjorde dei følgjande vedtak:

  1. Arbeiderraadet bemyndiges til at proklamere hel arbeidsstans i samtlige private og offentlige bedrifter fra og med mandag 6.ds kl. 6 formiddag.
  2. Arbeiderraadet bemyndiges til at træffe bestæmmelse om arbeidsstansens varighet.
  3. Møtet henstiller til raadet at organisere demonstrationstog mandag den 6.ds kl. 4 eftermiddag. Det henstilles til samtlige arbeidere at delta i demonstrationen.
  4. Arbeidsstansen blir bare meddelt gjennem pressen.

Alt var med andre ord klart for storstreik om ikkje arbeidsgivarane gav seg raskt. Men slik gjekk det ikkje. Borgarmeister Bauck greip inn. Han oppmoda arbeidarrådet til å gå med på at spørsmålet om arbeidstida av samfunnsmessige grunnar skulle overførast til forhandlingar mellom AFL og arbeids-givarforeininga. Dersom arbeidarrådet gjekk med på det, ville borgarmeisteren venda seg til hovudorganisasjonane. Han oppmoda arbeidarrådet til å avverga arbeidsstans og sørga for at arbeidet blir gjenopptatt under forhandlingane.

Mot ein sterk minoritet vedtok massemøtet å utsetja aksjonen. Bauck sende si oppmoding til arbeidsgivarforeininga og AFL om å ta saka opp til realitetsbehandling, og arbeidet vart tatt oppatt i heile Trondheim9.

Åttetimarsdagen til Stortinget

I løpet av mai vart ei rekkje aksjonar for åttetimarsdagen gjennomført, og arbeidsgivarane reagerte på høgst ulike måtar. Somme såg nok at åttetimarsdagen måtte komma – straks eller litt seinare. Andre må ha blitt alvorleg skremde av at arbeidarane tok seg til rette slik dei gjorde, og prøvde å stansa arbeidarane med represaliar.

  1. mai skreivNy Tidat det førebels var for tidleg å uttala seg om resultata av dei aksjonane som var sett i verk, men dei meinte ein kunne ha oppnådd meir om fleire hadde deltatt:

… saameget lar sig ihvertfald si, at om arbeiderne landet rundt hadde fulgt arbeiderraadenes appel like mandjevnt som arbeiderne i Trøndelagen og i Skien-Telemarksdistriktet har gjort det, vilde 8-timersdagen idag ha været en kjendsgjerning i vort land.

Landsorganisasjonen stilte seg ikkje bak parolen om «direkte aksjon», men aksjonen fekk landsorganisasjonen til endeleg å gjera noko, «selvom det skede i ellevte time», ifølgje Ny Tid. Aksjonen sette også fart i statsstyremaktene. Arbeidet med å få til ei lovfesting av 8 timarsdagen var i full gang. «Men tror nogen, at dette vilde ha skedd, hvis ikke arbeiderklassen hadde vist alvoret i kravet gjennem handling?» spurde Ny Tid.

I første omgang dreidde det seg om ei mellombels lov om åttetimarsdag som vart behandla i Stortinget i løpet av sommaren 1918.

Social-Demokraten oppsummerte 4. juni:

8-timers dagen har ikke længer det forfærdende og avskrækkende ved sig som i tidligere dage. Det fleste mennesker forstaar nu at den meget vel lar sig praktisere og at produktionslivet ingen skade lider ved det.»

Den eine kommunen etter den andre hadde innført åttetimarsdag for sine arbeidarar, og staten «staar paa tærskelen til at gjennemføre den for alle sine arbeidere».

Typografane hadde fått åttetimarsdagen godkjent av Stortinget, og eit einstemmig Odelsting hadde godkjent ein revisjon av bakarlova, der arbeidsdagen var fastsett til åtte timar.

I tillegg kom argumentet om ernæringsforholda, ei følgje av den andre verdskrigen som enno ikkje var over. Det vart lagt vekt på i leiarartikkelen:

Slik som forholdene ligger an for tiden i arbeiderhjemmene kan de ikke utniste forsørgeren med saa god og nærende kost at han med samme kraft som før kan utholde den lange arbeidsdag. Og hvad gavn er der for produktionen i en arbeidsdag paa 9 a 10 timer, naar arbeidsydelsen paa grund av ernæringsvanskeligheterne blir betydelig nedsat de sidste timer.

Dette la også AFL vekt på i skrivet til regjeringa om kvifor det hasta med å få lovfesta åttetimarsdagen:

Den nuværende ernæringskrise rammer industriarbeiderne særlig haardt.

I dei fleste byane og industridisktrikta var det «absolut potetmangel», og i mange landdistrikt var det mangel på settepotet, det var såleis lite håp om at byane kunne få potet når settinga var over. Det var også mangel på dei surrogata for potet som var i handelen. Mjølkerasjonane var svært knappe, og brødrasjonane så knappe at «de fleste arbeiderfamilier nu er like paa sultegrensen».10 Det var ikkje mogeleg for arbeidarane i same grad som før å halda ut «en lang arbeidsdags strabaser», det hadde blitt eit allminneleg krav frå alle arbeidarar at arbeidstida måtte innskrenkast, «for at man skal kunne bevare arbeidskraften gjennem denne kritiske periode.» Dyrtidsforholda gjorde dessutan at arbeidarklassen måtte krevja at redusert arbeidstid ikkje førte til redusert lønn.

AFL-leiaren, Ole O. Lian, som også var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, forklarte at ulempa med å knytta åttetimarsdagen til arbeidarvernlova, var at store arbeidsgrupper vart ståande utanfor. Bygningsarbeidarar, tømrarar, murarar, losse- og lastearbeidarar, mange av dei som hadde det aller tyngste arbeidet, var ikkje omfatta av arbeidarvernlova. Men det hjelpte ikkje, Stortinget sitt vedtak om åttetimarsdagen kom som ei endring av denne lova.

Stortinget sanksjonerte 14. august mellombels lov om forkorting av arbeidstida i bedrifter som går inn under lov om arbeiderbeskyttelse i industrielle virksomheter.11 Året etter vart lovendringa gjort permanent. Men mange stod framleis utanfor. Til dømes vart sjukepleiarane ikkje omfatta av arbeidarvernlova før i 1937.

Notar:

  1. Magne Thorsen; Boken om Thunearbeiderne: 70 år Oslo 1971.
  2. Social-Demokraten 4.mai 1918.
  3. Østlendingen 3.mai 1918.
  4. Ny Tid 7. mai 1918.
  5. Social-Demokraten 4. mai 1918.
  6. Socialdemokraten 3. mai 1918.
  7. Social-Demokraten 10. mai 1918.
  8. Meir om gjennomføringa av åttetimarsdagen i Odda i førre nummeret av Rødt.
  9. Ny Tid 6. mai 1918.
  10. Stortingsforhandlinger 1918 3a.
  11. Stortingsforhandlinger 1918 9.

På Petterøes:

På Petterøe

Fabrikkeigar Petterøe, eigaren av Petterøes Tobaksfabrik, var ein av dei Dagbladet intervjua i mai 1918. Petterøe hadde innført 8-timarsdag for tolv år sia, kombinert med akkordarbeid. Han erfarte at dei unge leverte som regel vel så mykje på åtte timar som tidlegare på ti. Også dei eldre oppdaga snart at dei kunne tena like godt på 8 timar som før på ti.

Da 8-timarsdagen vart innført, vart både daglønn og akkordlønn som før.

«Jeg har ialfald ikke hørt nogen bedrift som har hat økonomisk skade av at indføre normalarbeidsdagen. Naar denne reform bare gjennemføres ved venskabelig overenskomst mellem arbeidere og arbeidsgiver, saa tror jeg, at de vanskeligheter man stadig taler om kan overvindes,» sa fabrikkeigaren. Han såg at det kunne vera tilfelle der det vart gjort mindre på åtte timar enn på ti, slik som når ein mann stod og passa ein maskin som gjekk for full fart, den utførte sjølvsagt meir dess lenger den gjekk. «Men i et slikt tilfælde er vedkommende arbeiders beskjæftigelse saa enerverende og opslitende, at efter 8 timer bør han faa slippe løs og hvile ut,» sa Petterøe.

Petterøe-arbeidarane arbeidde åtte nettotimar, utan frukostpause. Dei hadde ein times middagspause, og åt middag på bedrifta.