Koronaøkonomi

I koronatider er det mykje nytt å læra, særleg om økonomi. Regjeringa leverer den eine pakka etter den andre, og det er lett å gå i surr i kor mange milliardar det er i kvar. Var det 10, 20 eller 50 milliardar ?

Lærdom nr 1: pengane finst, iallfall når det er noko som er skikkeleg viktig.

Vi har høyrt det før at sekstimarsdag kan vera ein god tanke, men dessverre, det blir for dyrt. Alle forsøk på å nemna oljefondet har blitt avvist som galskap. Det skal ikkje rørast, og   handlingsregelen set strenge grenser.

Lærdom nr 2: Det er faktisk «litt å gå på», for i seinare tid har det vore fleire år ein ikkje har brukt så mykje av oljepengane som handlingsregelen tillet.

Hovudlærdom: Når næringslivet kjem i knipe, sit milliardane laust.

Er det da så sikkert at sekstimarsdagen blir «for dyr»? – Dersom den er skikkeleg viktig? Kor mange sekstimarsdagar kunne vi få ut av berre ein einaste milliard? I institusjonar som sjukeheimar eller barnehagar trengst det full stillingskompensasjon for å gjennomføra sekstimarsdag. Det vil seia at der det er 20 tilsette i full stilling som skal gå frå 7,5 timars dag til 6 timars dag, trengst det fem nye tilsette. For å gjera reknestykket enkelt, kan vi seia at ein tilsett kostar 750.000 kroner i året (inkl alt som kjem i tillegg til lønna). Fem nye tilsette vil da kosta 3,75 millionar kroner i året. Ein milliard vil dekka utgiftene til 267 nye tilsette – minst. Det vil seia sekstimarsdag på 53 institusjonar med 20 tilsette, eller 26 institusjonar med 40 tilsette, eller 13 institusjonar med 80 tilsette. Det kan ein få for ein milliard kroner i eitt år.

Kva kunne ein ikkje få til med 20 milliardar i månaden?

Alle gode reformer har ei utgiftsside og ei inntektsside. Dei som er skeptiske til sekstimarsdagen, gløymer lett kva gevinsten kan bli. Tidlegare forsøk har vist at dei tilsette får ein betre kvardag, det gir meir trivsel, og det blir betre for brukarane – anten dei er sjukeheimsbrukarar eller barnehagebarn. Er målet fleire på heiltid, vil sekstimarsdagen vera meir effektiv enn strenge ord om heiltidskultur.

Ein ansvarleg økonom som les dette, kan sjølvsagt forklara oss at så enkelt er det ikkje. Det vil ikkje overraska.

Men i første omgang snakkar vi om pilotprosjekt der det er spesielt mykje interesse for å setja i gang. Draumen er at i tida etter koronaen skal det finnast ein post på statsbudsjettet som heiter sekstimarsdagsfondet. Der kan dei kommunane som vil starta ein pilot, søkja om støtte.

Kor stort skal sekstimarsdagsfondet vera? Det avgjer dei som har makta. Som du ser ovanfor, kan ein liten milliard, gi vel 1300 tilsette sekstimarsdag i eitt år.

Aksjonskomiteen for sekstimarsdagen

20.04.2020