Sekstimarsdagen etter LO-kongressen 2017: Den neste store velferdsreforma

9 juni 2017

Bilde av ny leder i LO, Hans-Cristian Gabrielsen. Foto: Sandra Skillingsås

Gratulerer, alle gode krefter som før og under LO-kongressen har gjort ein langvarig og tolmodig innsats – med diskusjonar, store og små møte og konferansar – for å få sekstimarsdagen lengst mogleg opp på fagrørsla sin dagsorden!

For vel 30 år sia foreslo eit utval nedsett av Arbeiderpartiet sitt kvinnesekretariat «Arbeide for gradvis innføring av 6-timers dagen i løpet av 1980 – 1990 åra» som eitt av fleire tiltak for å sikra kvinner betre pensjonsvilkår.

I år opnar LO-kongressen sitt vedtak for vidare arbeid for at sekstimarsdagen skal bli realitet i overskueleg framtid, med ei målsetting om at arbeidstidsforkortingar skal kunna gi eit meir inkluderande og likestilt arbeidsliv med fleire heile stillingar.

Ein plan

Det skal utarbeidast ein plan for arbeidstidsforkorting, basert på erfaringar som er gjort med forsøk både nasjonalt og internasjonalt. Vedtaket inneheld ingen tidsplan, men det skulle ikkje vera noko i vegen for å starta planarbeidet raskt. Skal ein følgja opp den tidsplanen som fleire, mellom andre Fagforbundet sin leiar Mette Nord, har skissert tidlegare, bør den første halvtimen takast alt i tariffoppgjeret i 2018 – det er ikkje lenge til. Vi går ut frå at LO-leiinga/LO-sekretariatet har dei fullmakter som trengst for å komma raskt i gang, og at klubbar og fagforeiningar vil følgja opp med å krevja ein halvtimes forkorting av arbeidsdagen når tariffkrava skal vedtakast utover hausten.

Positive forsøk

Planen skal byggja på erfaringar som er gjort med norske og internasjonale forsøk. Alle dei forsøka som er kjende – både norske og svenske – er eintydig positive. Overalt har både arbeidstakarar og arbeidsgivarar vore svært godt nøgde. Forsøk er gjort med både dagarbeid og skiftarbeid. Arbeidsplassar med døgnkontinuerleg skift- og turnusarbeid er dårlegast dekt av forsøk, der kan det vera viktig å komma raskt i gang med å vurdera kva som trengst av særleg tilpassing for å få best mogeleg nytte av ein forkorta normalarbeidsdag.

Normalarbeidsdag

Vedtaket understrekar at den fleksbiliteten som lov og teknologi kan gi rom for, ikkje må føra til auka press og uklart skilje mellom arbeidstid og fritid. I forlenginga av dette ser vi det som naturleg å understreka at arbeidstidsforkortinga må ha ein seks timars normalarbeidsdag som mål. For det store fleirtalet som arbeider dagtid må seks timar fem dagar i veka bli det normale, medan ein – slik som no – avtalar særordningar der arbeidet krev det.

Auka fritid

Vedtaket slår fast at kor raskt og omfattande reduksjonar kan skje, heng saman med kor mykje av den økonomiske veksten som skal takast ut i investeringar, kjøpekraftforbetringar eller andre velferdsgode. Ein stor del av dei fagorganiserte har alt så god kjøpekraft at det vil vera bra for både kloden og klimaet om ein del av veksten blir veksla inn i auka fritid istadenfor i meir pengar til å auka det materielle forbruket. Det kan gjerast på same tid som dei lågast lønte får auka si kjøpekraft.

Når det gjeld «andre velferdsgoder», minner vi om at Jan Davidsen, tidlegare leiar for Fagforbundet, alt i 2008 uttalte at sekstimarsdagen må bli den neste store velferdsreforma.

I 2018 vil det vera tid for å feira åttetimarsdagen sitt 100-årsjubileum. Kva kan vera ein betre start på jubileumsfeiringa enn å ta den første av dei tre halvtimane på veg mot sekstimarsdagen?

Aksjonskomiteen for sekstimersdagen