Koronaøkonomi

I koronatider er det mykje nytt å læra, særleg om økonomi. Regjeringa leverer den eine pakka etter den andre, og det er lett å gå i surr i kor mange milliardar det er i kvar. Var det 10, 20 eller 50 milliardar ?

Lærdom nr 1: pengane finst, iallfall når det er noko som er skikkeleg viktig.

Vi har høyrt det før at sekstimarsdag kan vera ein god tanke, men dessverre, det blir for dyrt. Alle forsøk på å nemna oljefondet har blitt avvist som galskap. Det skal ikkje rørast, og   handlingsregelen set strenge grenser. Fortsett å lese «Koronaøkonomi»

Likelønnspilotar, finst dei?

I Klassekampen 4. mars gjer Marie Sneve Martinussen (Rødt) grundig greie for det urimelege lønnsgapet mellom kvinner og menn i likestillingslandet Noreg, med dokumenterte fakta det ikkje er tvil om.

Mindre kjentde fakta kom fram i ei offentleg utgreiing for meir enn tretti år sia. I NOU 1987 : 9B kan ein lesa at det mest effektive likelønnstiltaket ville vera seks timars arbeidsdag for alle med full lønnskompensasjon. Ingen garanti for at det ville tetta heile lønnsgapet, men det ville monna kraftig. Ikkje minst ville det gi full tid og full lønn til mange av dei som no arbeider deltid.

Fortsett å lese «Likelønnspilotar, finst dei?»

Sekstimarsdagen – smittefarleg?

Mykje er vakkert i det norske arbeidslivet – som bedriftsdemokratiet og den norske modellen Men kor langt er det gode samarbeidet til å lita på? Kor lenge er ein avtale ein avtale?

Dei om lag 140 tilsette på Tine Heimdal vart for meir enn ti år sia einige med arbeidsgivaren om at det vellukka forsøket med sekstimarsdag skulle bli ei varig ordning. Dei hadde diskutert korleis arbeidsdagen kunne bli meir effektiv, dei tilsette gav mellom anna avkall på fellespausar for å kunna gå tidlegare heim frå jobben. Dei vart einige, og i alle åra etterpå har ordninga fungert godt. Dei tilsette og dei som dei lever i lag med har nytt godt av ein betre kvardag. Produksjonen har til og med auka! Fortsett å lese «Sekstimarsdagen – smittefarleg?»

Forskaren og «livmorfeministane»

Fagbladet • 04. november 2019, 04:11 • Magnhild Folkvord, Aksjonskomiteen For Sekstimarsdagen

«SEKSTIMERSDAGEN er absolutt ikke veien å gå», seier forskar Nina Amble i eit intervju med Fagbladet. Ho meiner fire dagars veke er ei betre løysing for å få meir heiltid og rekruttera til helsesektoren. Dersom ho reknar med ei arbeidstidsforkorting til 30 timars veke, vil det vera tale om fire 7,5 timars dagar i veka for dei som arbeider på dagtid. Utan arbeidstidsforkorting vil dei fire arbeidsdagane i snitt vera på omlag 9,4 timar. Fortsett å lese «Forskaren og «livmorfeministane»»