Vil du prøva noko nytt, helseminister?

Foto: Bjørn Stuedal

Tekst av Magnhild Folkvord, Aksjonskomiteen for sekstimersdagen

Innlegg i Klassekampen 20.02.18

Sjukepleiarmangelen her til lands er grundig dokumentert, og nyleg kommentert i Klassekampen (13.2.) av Eli Gunhild By, leiar i Norsk sykepleierforbund. Ho gir også gode råd om kva som kan bøta på krisa – «et lønnsløft som monner» og betre bruk av ressursane. Ho nemner også «en kultur for heltid» – det må vera ei oppmoding til dei arbeisgivarane som lyser ut deltidsstillingar som ikkje er til å leva av.

Men kva med å utfordra omgrepet heiltidskultur på ein litt annan måte? Når vi snart kan feira 100-årsjubileum for åttetimarsdagen, må det vera tid for å prøva noko nytt. Det er ikkje latskap som gjer at en del kvinner seier nei til dagens heiltid i helsevesenet. Men gjerne mangel på timar i døgnet.

Samfunnsøkonomisk er det ikkje god butikk å utdanna to sjukepleiarar for kvar som blir i yrket. Kva med å prøva sekstimarsdag med full lønnskompensasjon som eitrekrutteringstiltak? Eit seriøst forsøk treng ikkje omfatta eit heilt sjukehus, men ein eller fleire delar av ein institusjon. Men det vil sikkert vera klokt å la det omfatta andre yrkesgrupper som arbeider nært saman med sjukepleiarane, til dømes helsefagarbeidarar.

La dei tilsette vera aktivt med i planlegginga av korleis turnus og vaktlister skal utformast med 6 timars dag/30 timars veke som utgangspunkt.

Kostar det pengar, sa du? Ja, men kvifor ikkje utfordra helseministeren til å sponsa eit eksperiment? Eit godt fungerande helsevesen kostar pengar, her må det tenkjast samfunnsøkonomi, ikkje snever bedriftsøkonomi.

Berre ei åtvaring: Dersom det er godt planlagt, er det også stor fare for å lykkast. Vellykka forsøk med sekstimarsdag kan ha smitteeffekt – fleire vil prøva. Og kva er risikoen med det? Kanskje det kan lokka fleire med sjukepleiarutdanning til å bli sjukepleiarar?

Magnhild Folkvord,

Aksjonskomiteen for sekstimarsdagen