Eit columbi egg for meir likestilling

Fra en 8. mars    Foto GAD

Tidsklemme, ulikelønn, deltid – kven vågar å ta i bruk den løysinga som alt er oppfunnen for å skapa meir likestilling i arbeidslivet her til lands?

Av Magnhild Folkvord 8. mars 2017

«8 timar arbeid + 8 timar fritid + 8 timar kvile.» Det var «reklamen» da arbeidarane for 100 år sia kjempa fram åttetimarsdagen. I dag er det få, og særleg få kvinner, som opplever at 7,5 timars arbeidsdag gir 8 timar fritid. Kva blir att av dei 24 timane i døgnet når arbeidsdagen + arbeidsreisa kan krevja minst ti timar, levering av ungar til barnehage eller AKS/SFO tar si tid, og det er grenser for kor mykje nattesvevnen kan reduserast? Også fleire og fleire menn har erfart at 24 timar i døgnet blir i minste laget, iallfall dei som gjerne vil vera nærverande fedrar.

Kva kan ein gjera noko med? Meir enn 24 timar i døgnet? Ikkje mogeleg. Mindre reisetid? Dei fleste bur der dei bur, flytting kan vera uaktuelt av mange grunnar. Og jobben er gjerne der den er. Å ta delar av den med heim på pc’en er mogeleg for somme, men langt frå for alle. Og det gir vel sjeldan meir fritid  …

Tida med ungane vil svært mange heller utvida enn korta ned, heller meir tid til samvær enn det ein får utav transportetappane mellom heimen og barnehagen, skolen, AKS/SFO, fotballtreninga, korpset og turninga.Og har ikkje vaksne også ein sjølvstendig rett til fritid, anten dei har ungar eller ikkje?

Moralisme om «heiltidskultur»

Kva blir så den «regulerbare» faktoren i tidsrekneskapen? Arbeidstida. Mange kvinner har med eller mot sin vilje redusert lønnsarbeidet for å få rekneskapen til å gå opp – med uføreseielege arbeidsdagar, dellønn og delpensjon som resultat. I seinare tid har dei også blitt møtt med ein moralsk peikefinger og ei streng oppmoding om at no må det bli «heiltidskultur»! Dessverre også framført av den da nyvalde LO-leiaren Gerd Kristiansen for snart fire år sia. Det er ikkje eit spørsmål om «kultur» når kvinner tråklar saman arbeidsdagane med deltidsstillingar og ekstravakter for å få puslespelet til å gå opp.

Sjølvsagt er det mang ein arbeidsgivar som kan trenga ei påminning om retten til heiltid når dei i årevis har spart budsjettkroner på å lysa ut dei underlegaste prosentstillingar (7 prosent, 13 prosent, 18 prosent osv.) for å «få turnusen til å gå opp» i helse- og omsorgsyrka. I kvinnerike yrke har dei utspekulerte brøkstillingane spreidd seg slik at det har vore så godt som uråd for nyutdanna sjukepleiarar å få faste heile stillingar. Men å gi dei deltidsarbeidande kvinnene eit lass dårleg samvit fordi dei arbeider deltid, er bomskott.

Sekstimarsdagen ein del av løysinga

Det var derfor eit svært aktuelt paroleframlegg til 8. marstoget som kom frå LO i Oslo i år: «Vi krever faste hele stillinger, likelønn og 6 timers dag!» Våre kjempande formødrer ville kanskje ha rotert i sine graver om dei hadde visst at korkje faste heile stillingar eller likelønn er sjølvsagt for kvinner i Noreg i 2017, og somme av dei kunne ha mint oss på at det er 100 år sia 8 timarsdagen vart innført – og nesten like lenge sia gruvearbeidarane i Sulitjelma formulerte kravet om 6 timars arbeidsdag.

Før det nemnde paroleframlegget vart vedtatt med stort fleirtal foreslo eit medlem i ei av dei kvinnerike fagforeiningane å fjerna ‘6 timers dag’ frå den opprinnelege formuleringa. Overraskande for dei fleste som var til stades.

Meiningslaust «heiltidsforsøk»

I Trondheim opna ein nybygd sjukeheim, Dragvoll Helse- og Velferdssenter, i 2013. Bystyret hadde bede rådmannen gjennomføra forsøk «med heltid som hovedregel og 30 timers uke med full lønnskompensasjon». Men innan forsøket kom i gang var det nokon som fann ut at det vart «for dyrt», og arbeidstida i forsøksprosjektet vart endra frå 30 til 35 timar. Resultatet etter forsøksperioden vart ikkje det somme hadde håpa på. Det vart ikkje fleire som valde heiltid. Overraskande? Ikkje for dei kvinnene som har kjent på kroppen at 7,5-timarsdagen er for lang.

Skal «heiltidskulturen» bli meir enn tomme ord og gode ønske, må normalarbeidsdagen forkortast, og svært mange ser på seks timar som høveleg lengd. Særleg dei som har fått høve til å vera med på forsøk med sekstimarsdag, eller varige ordningar, som det finst nokre relativt få av. For snart ti år sia var det eit sekstimarsforsøk for reinhaldarar i Trondheim. For dei som nærma seg AFP-alder vekte det håp om at dei kunne orka å stå i jobb til vanleg pensjonsalder. Men når forsøket vart avslutta, var det meir aktuelt å gå av med AFP enn å gå tilbake til 7,5 timars dag. Tine sitt ostelager på Heimdal er ei bedrift som no har hatt sekstimarsdag for alle tilsette i om lag ti år, til stor glede for alle involverte.

Samanhengen mellom likelønn og sekstimarsdag er sterkare enn mange er klar over. Før normalarbeidsdagen vart forkorta med ein halvtime som ein del av tariffoppgjeret i 1986, vart det laga grundige utgreiingar om ulike måtar å forkorta arbeidstida på. Ein SSB-forskar forklarte i den samanhengen at forkorting av normalarbeidsdagen til seks timar ville vera eit svært effektivt tiltak for å oppnå likelønn, fordi det ville føra til at mange kvinner ville gå frå deltid til heiltid.

SSB sine tal for 2016 viser at om lag 75 prosent av yrkesaktive menn og nesten 63 prosent av kvinnene arbeider heiltid. Gjennomsnittleg arbeidstid per veke for alle yrkesaktive kvinner er 31,8 timar, altså litt meir enn seks timar per dag.

Den neste store velferdsreforma

I 2008 sa daverande leiar for Fagforbundet, Jan Davidsen, at sekstimarsdagen burde bli den neste store velferdsreforma. Etterfølgjaren hans, Mette Nord, uttalte i 2015 at «Målet er å få til sekstimarsdag i løpet av 2020-2022».

Gerd-Liv Valla var den første LO-leiaren som snakka om sekstimarsdagen som eit realistisk mål. Ho har ved mange høve forklart at sekstimarsdagen kan bli realitet om ein følgjer opp det som starta i 1986, og tar ut ein del av tariffoppgjeret som ein halv time kortare arbeidsdag i tre oppgjer til, så kan ein vera i mål med sekstimarsdagen innan 2022.

LO-kongressen denne våren kan få mykje å seia for kor raskt sekstimarsdagen kan bli ein realitet. Meir snakk om «heiltidskultur» med ein arbeidsdag som er for lang er nyttelause steg baklengs inn i framtida.